lørdag 5. juli 2014

"Sees i Las Vegas!"



I går var eg SÅ heldig å få oppleva min store teiknehelt
Pushwagner, i sjølvaste Kvinnherad -
nærare bestemt i Guddal på det flotte galleriet til Gøril Guddal.
Pushwagner er i år festivalkunstnaren i Rosendal Mat-  og kunstfestival.



Og for ei opning. Full av liv og som seg sjølv mest,
 tok 74åringen publikum og tilsynelatande også galleristen med storm.
Stuntteikning med sprittusj PÅ galleristens opningstale - heilt fett!
Pushwagner nytta heile låvebrua og Guddalstunet som si scene,
han spela naturleg hovudrolla - og det var heilmaks å sjå. 



"Livet er en scene" får fin betydning med slike menneske. 
Og med ein slik mann i bygda, må ein jo berre kasta alle 
tankar om at voksne damer går ikkje på autografjakt…



…og dermed går ein på autografjakt, og lever rollen i sitt liv,
og i mitt liv i dag, møtte eg Pushwagner. 
Han såg på teikninga eg hadde med til han,
- ei digital teikning eg laga i photoshop i går, etter den fenomenale utstillingsopninga - 
og han syntes det var "brilliant". Han skreiv sin autograf på mitt,
og han fekk ei teikning med min autograf i gjengjeld. 



Så takka me kvarandre for alt, og han smiler;
- Sees i Las Vegas!



Eg kunne ikkje svara noko anna enn at eg ville ikkje sjå bort frå nettopp det.



For ein dag, for ein mann, for ei utstilling og for eit liv!














© Jorun Larsen









2 kommentarer: