fredag 18. august 2017

Ein 100% søt gjengongar




 Det er utruleg stas når nokon kjem igjen
fleire gongar for å foreviga viktige stunder i livet.
Denne vetle skapningen er berre eitt år,
men har allereie vore på visitt tre gongar
- før ho vart fødd, når ho var rykande fersk, og no.


Fy søren, kor heldig er ikkje eg?! 


*smelt*









© Jorun Larsen




torsdag 27. juli 2017

Kjærleiken blomstrar i 2017


Det er slik med min jobb at eg nokre gongar lurer på om
det er dette eg vil driva med resten av livet.
Mykje av desse tankane kjem når eg må ordna med
momsoppgåva, akrivera rekningar, sitta med dataskjermen
framføre meg på deilege sommardagar...
slike ting kan vera dørgande keisamt.

Og det er stunder i jobben der eg set så, så, så
pris på at eg gjer nettopp dette.

"Tårene trillar. Fysøren så flotte bilder. 
Dei skal me ta god vare på. 
Igjen tusen takk for hjelpa. 
Det vart akkurat slik me ønska <3"

"Takk for kjempefine bilder. Dei er heilt perfekte!"

Slike tilbakemeldingar set eg stor pris på,
og det er med stor ære (og nerver) eg 
fotograferer eit bryllup eller ein nyfødd. 
Stunder i livet ein aldri får igjen.

Men minnene om det kan ein halda fast ved,
og i år har eg gjort meg ekstra flid med å laga
album til alle mine brudepar. Eg smeltar litt i hjarta
kvar gong eg får albumet ferdig produsert i posten,
dei blir så fine og er produsert av Foto Lundeby.
Lurer på om eg må prøva å laga pakkar med album
til dei andre fotograferingane mine også,
og håpar kundane ser verdien i å kjøpa,
sjølv om prisen vil auka viss eg legg til album.

Dersom nokon er i manko på bryllupsfotograf
har eg framleis nokre helger ledig i september
(i november og desember også!), i tilfelle
du eller nokon du kjenner treng fotograf!

Eg legg ut nokre minne frå nokre av bryllupa eg 
har fotografert så langt i år.
Det virkar ikkje som eg kjem inn i den rutina på
blogging som eg ein gong hadde... 
Det får bli med små drypp.


M & E





V & SJ








K & JA





C & S



A & S









Takk og til lukke, alle de vakre! 
Lenge leve kjærleiken!


© Jorun Larsen





onsdag 14. juni 2017

Sommaravisa

Finaste Lene Simonnes held yogatimar i friluft i Kvinnherad i sommar. Anbefalast av underteikna!


Eit nytt magasin er ute frå Kvinnheringen. 
Eg har farta rundt i denne flotte kommunen og prata med 
masse fine folk, og nokre dyr. Dersom du vil lesa om litt av kva
Kvinnherad har å by på denne sommaren, kan du sjekka opp denne lenka.







Eg er heldig som har ein slik god grunn til å oppsøka
nye stader og spanande folk. Livet som frilanser passar meg ypparleg!


Og ja, eg veit det er temmeleg tyst frå meg om dagen,
men igjen kan eg melda om at eg har hatt den travlaste perioden
i Hildring si historie denne våren. Det går nesten på hogg og belegg,
men travlare skal det bli. 

Til hausten tek eg til med heiltidsstudie (!) i kunsthistorie i Bergen,
og tenker å halda fram med både frilansing og fotografering og
grafisk designing så mykje eg orkar. 
I tillegg skriv eg etterkvart meir og meir,
kaaanskje det kjem noko utav det òg ein vakker dag?


Kaldestadfestivalen - eit knippe av mine heltar fyller ein dag til randen med kultur.
 Denne gjengen er nokre av mine heltar, både innan musikk, kunst og litteratur.
Kvinnherad altså! 

Kor skal din hund i ferien? Hardanger hundepensjonat i Jondal tilbyr god stemning
og all inclusive til familiens pelskledde. Solbriller må ein ta med sjølv. 



© Jorun Larsen / Kvinnheringen





fredag 3. februar 2017

Ting på gong


I dag er det fulldistribusjon av Kvinnheringen, tema er kreft.
Overskotet frå produksjonen går til Kreftforeningen, og det er samstundes
oppretta ein eigen innsamlingsaksjon på denne lenka
den er open for alle til å støtta det gode arbeidet foreninga gjer.



Eg har bidrege med nokre av sakene. 
Det har vore eit viktig, tidvis vanskeleg og veldig givande arbeid,
og eg er takksam for å både kunna bidra, og for at folk har takka ja 
til å prata med meg og dei andre journalistane om dette. 
Det er ikkje det lettaste å bretta ut i lokalavisa...


I morgon er det verdas kreftdag, så fokuset kjem i samband med denne dagen.



*




I morgon har eg også andre saker på agendaen.
Eg skal ha mitt første foredrag og bildevisning under
Haugesund Fotofestival, som startar i kveld. Yay!


Eg har difor den siste månaden sortert litt i arkivet mitt,
og prøvd å formulera meir om tankane mine rundt eige fotografi. 
No håpar eg berre at stemma held, eg har sjølvsagt blitt forkjøla.
Spent er eg iallfall, og håpar det eg kan fortelja om Sjølvportrettet
kan vera interessant for dei som kjem for å høyra!


Her er resten av programmet;



Eg vart invitert av Haugaland Fotoklubb,
tykkjer det er veldig stas å bli spurt om å fortelja om arbeidet mitt!



*



På søndag er eg med som jurymedlem i UKM-mønstringa i
Kvinnherad. Trur det blir ein fabelaktig avrunding på 
ei innhaldsrik helg. Flinke ungdommar gjer meg alltid litt varm om hjarta.

Tenker forresten på eit nytt fotokurs for ungdom,
meir om det kjem når eg har tenkt litt ferdig!




*