onsdag 9. juli 2014

Gravidfotografering - Nydelege Mariell




All den tid eg sjølv har gått gravid, har eg følt meg
mykje anna enn vakker. Men når eg møter andre som er 
gravide, ser eg det som andre kanskje såg med meg.
At me alle er vakre fruktbarhetsgudinner, og at magen
er eit lite fortryllande tempel der det vert skapt under.
KOR MAGISK ER IKKJE DET???!



Iallfall vert eg litt forbløffa over kor flotte magane er,
struttande av liv, og dei like flotte menneska som har skapt 
dette livet, det vetle knøttet som lever gjennom mammamagetempelet.
Eg er takksam for at eg får vera med å gjera den siste tida som gravid
til meir enn berre eit minne. Å få fotografera magane, leikene, 
og ikkje minst dei komande foreldrene er jo eit eventyr.


Og eventyrlege vart også desse bildene av Mariell,
iallfall i mine auge. Med dei enorme, gamle eiketrea 
på Skeie som kulisse, må det jo berre bli flott. 
Den dunkle overskya himmelen gjorde sitt til å laga ein 
ro i bileta, noko eg syntes passa godt til den vordende mor. 
Det er så fantastisk dei gongane alt berre klaffar, 
tid og stad, ver og vind. Har vel sagt det før, 
men gosj så eg diggar jobben min!



















© Jorun Larsen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar