Viser innlegg med etiketten wacom intuos5. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten wacom intuos5. Vis alle innlegg

lørdag 5. juli 2014

"Sees i Las Vegas!"



I går var eg SÅ heldig å få oppleva min store teiknehelt
Pushwagner, i sjølvaste Kvinnherad -
nærare bestemt i Guddal på det flotte galleriet til Gøril Guddal.
Pushwagner er i år festivalkunstnaren i Rosendal Mat-  og kunstfestival.



Og for ei opning. Full av liv og som seg sjølv mest,
 tok 74åringen publikum og tilsynelatande også galleristen med storm.
Stuntteikning med sprittusj PÅ galleristens opningstale - heilt fett!
Pushwagner nytta heile låvebrua og Guddalstunet som si scene,
han spela naturleg hovudrolla - og det var heilmaks å sjå. 



"Livet er en scene" får fin betydning med slike menneske. 
Og med ein slik mann i bygda, må ein jo berre kasta alle 
tankar om at voksne damer går ikkje på autografjakt…



…og dermed går ein på autografjakt, og lever rollen i sitt liv,
og i mitt liv i dag, møtte eg Pushwagner. 
Han såg på teikninga eg hadde med til han,
- ei digital teikning eg laga i photoshop i går, etter den fenomenale utstillingsopninga - 
og han syntes det var "brilliant". Han skreiv sin autograf på mitt,
og han fekk ei teikning med min autograf i gjengjeld. 



Så takka me kvarandre for alt, og han smiler;
- Sees i Las Vegas!



Eg kunne ikkje svara noko anna enn at eg ville ikkje sjå bort frå nettopp det.



For ein dag, for ein mann, for ei utstilling og for eit liv!














© Jorun Larsen









torsdag 21. november 2013

Digital teikning

 No om dagen har eg nok typisk innehud.
(noko eg skal gjera noko med i kveld)
Eg anar ikkje kor mange timar som går med
i dette sluket - med digital teikning - no om dagen.
Når ein verkeleg får dilla på noko, you know.
Eg vert iallfall veldig lett bitt av slike basillar,
ein av grunnane til at eg må holda meg 
vekke frå t.d. gaming…


Men dette arbeidet er så inderleg digg. 
Det er personleg arbeid som eg har byrja på
med Jul i Rosendal i tankane. 
Der skal eg og mi kjære søster stilla med bod,
i år, som nokre år tidlegare,
og eg trur det blir den beste boden me har hatt!
Gler meg veldig til stemningsfulle dagar i
vakre Rosendal (parkeringshuset under Eurospar 
er ikkje verdas flottaste, men det kjem nok til å husa mykje flott).


Me skal i tillegg ha juleverkstad for ungar frå fire år
og oppover, noko me gler oss til :-)
Her skal me mekka flott juletrepynt,
og kosa oss gløgg i hel!


Men her kjem nokre av mine digitale.
I kva form dei kjem til å dukka opp på
julemarknaden, veit eg ikkje. Men jaggu
er det kjekt å skapa desse søtnosane!


Stay tuned for more,
eg er hekta.





© Jorun Larsen