onsdag 2. juli 2014

Forever; Charlotte & Roald



Desse flotte gjekk all in i kyrkja, og uttalte sjølv sine løfte til
kvarandre. Med sin flotte bukett - full i temperament, og med sine 
heilt særeigne plastikksko med hjarter på, gleid ho inn over kyrkjegolvet
saman med sin far - medan eldste jenta song dei inn. Smashing!


Sjølve vigsla skjedde i Rosendal, og etter vigsla fekk samtlege seg
eit hakeslepp, då det stod ein traktor med hengar utanføre,
bord og stolar til paret med forlovarar, champagne, jordbær, bjørk og blikkboksar. 
God stemning!


Eg hadde heilt frå morgonen av førestilt meg ein ny location for 
bileta etter vigsla, og oppsøkte bonden som eigde garden der eg ønskte å 
gjera fotograferinga. Bonden gav meg eit smilande ja, og eg ringte bruda 
for å fortelja om ideen min - og forhåpentlegvis få ja derfrå og.
Brudeparet var med på notane, og bileta vart dermed tatt
med gammal murstein og silo som bakgrunn. 


Eit veldig kjekt samarbeid, 
og utruleg kjekt å få vera med å laga minne av dagen!


Hjarteleg folkens, Charlotte og Roald ♥






































© Jorun Larsen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar