onsdag 16. oktober 2013

NM i foto haust 2013




Kvinnherad Fotoklubb har gjort det godt 
oppgjennom i dei tretti åra klubben har eksistert.
Våren 2012 deltok eg for første gong i konkurransen
som no heiter NM i foto. Då fekk eg mot all forventning
sølvmedalje for eitt av dei fire bileta eg sendte inn.
Me er fleire som har sendt inn bilder no 
i haust, og det er ganske spanande å delta.
Ein tar med nokre bilder til klubbmøte,
så vert det litt diskusjon rundt bileta som vert vist,
- på storskjerm, sjølvsagt -
og deretter blir kanskje nokre printa, og nokre 
bilete levert digitalt. I år har eg fire papirbilder inne,
eitt i svartkvitt, to i vanleg fargepapir, eitt i farge kolleksjon. 
Resten ligg digitalt. Så no er det berre å smørja seg med tolmod.
Ta litt fleire bilete medan ein ventar, tenker eg.



*



Her er nokre av mine bidrag.













*


© Jorun Larsen



*







2 kommentarer: