Viser innlegg med etiketten Kontrastar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kontrastar. Vis alle innlegg

onsdag 15. januar 2014

Allereie veke tre

Eg har fått eit merkeleg forhold til tid
etter eg byrja prosjekt 365. 
Det er nesten som om eg måler tida
i den mengd eg kan produsera. 
Og eg veit jo at eg kan drodla fram
kva som helst (crap og diamantar)
på null tid. Men eg prøver å fokusera på
innhald. På å produsera mest diamantar.
Minst crap. Og no har eg ein heil
del bilete på disken her… Ullent å
berre la dei ligga der. Innimellom
er eg veldig usikker på kva bilete eg skal
presentera kvar dag. For eg har å ta av.
Og så vert eg jo heilt fordumpa/forskyndra
(mini-uttrykk som funker når ein er litt i mangel på ord)
sidan eg får så ulike bilete heile tida. Det må vera noko
med stemninga dag for dag. Mine uttrykk er jo og 
ein fellesnemnar for dei inntrykka eg får i meg dagleg.
Om det er ein tur til Bergen med eit spanande møte,
om det er kvitrande og svoltne småfuglar i tunet,
eller meir oppstilte og historieforteljande,
såre, kreative eller eksperimentelle
bilete… Eg tenker. Det tek eit 
sekund å knipsa eitt bilete.


~


Dersom eitt bilete 
vert dvelt ved i meir enn
eitt sekund. Kanskje det festar seg.
At ein minnest det, og det gir meining - 
då har ein vel skapt ein liten diamant?  


~


Morten Krogvold seier at han har hatt eitt godt år
dersom han får eitt eller to gode bilde. Verkeleg gode.
Eg trur eg legg meg på den lista med dette prosjektet. 








© Jorun Larsen




onsdag 16. oktober 2013

NM i foto haust 2013




Kvinnherad Fotoklubb har gjort det godt 
oppgjennom i dei tretti åra klubben har eksistert.
Våren 2012 deltok eg for første gong i konkurransen
som no heiter NM i foto. Då fekk eg mot all forventning
sølvmedalje for eitt av dei fire bileta eg sendte inn.
Me er fleire som har sendt inn bilder no 
i haust, og det er ganske spanande å delta.
Ein tar med nokre bilder til klubbmøte,
så vert det litt diskusjon rundt bileta som vert vist,
- på storskjerm, sjølvsagt -
og deretter blir kanskje nokre printa, og nokre 
bilete levert digitalt. I år har eg fire papirbilder inne,
eitt i svartkvitt, to i vanleg fargepapir, eitt i farge kolleksjon. 
Resten ligg digitalt. Så no er det berre å smørja seg med tolmod.
Ta litt fleire bilete medan ein ventar, tenker eg.



*



Her er nokre av mine bidrag.













*


© Jorun Larsen



*







søndag 23. juni 2013

Litt meir, Rønnaug & Thomas





Det vart ein heil del bilete frå bryllupet til slutt. 
I overkant av 500. Eg fekk endeleg levert dei frå meg no.
Tok meg jaggu litt i underkant av tre veker å
få arbeidet gjort, eg legg meg det på minne,
sjølv om eg visste det ville ta tid. 
Med andre deadlines som måtte koma som
førsteprioritet, og fleire andre avtalar undervegs.
Men altså - med ein travel kvardag kan det nok
bli nokre veker mellom bildetakinga og -leveringa.


Eg har jobba litt med desse. Mest i byrjinga, 
for å få fram feelingen eg følte var riktig. 
Nokre gongar passar det veldig med sterke 
kontrastar, med eit lett gulskjær, med litt retro look,
lyse, mørke, klare, duse. 
Eg gjekk for ein stil som eg tykkjer er tidlaus,
litt tradisjonell. Estetisk behageleg å sjå på. 
Ein stil som kunne passa til staden me tok bileta,
til været, til dagen, til ekteparet.



*


Her kjem nokre fleire.








































Desse var eit lite knippe frå kyrkja.
So nokre fleire frå Handelandsdalen.







Min mann, og assistent for anledningen,
holdt porten på høgtideleg vis.
Som seg hør og bør.
Han hadde ansvar for å filma,
radarpar delux.



*



Det var sjølvsagt champagne.


















Det var litt stilleben (og andre bein).














Her var lott og løye mellom dei ulike shootane,
ein ved Feto, ein i elva, ein inne på gangbrua i skogen,
og nokre bilete i skogen.
...i tillegg til dei bileta som vart knipsa mellom dei ulike stadane...













Nokre av brud og brudgom...












Nokre bilete med forlovarane...







Og her nærma me oss slutten. 
Både brudepar og forlovarar var glade for 
at festen nærma seg, og for at eg called it a wrap.
Me hadde det no ganske løye, sjølv om kulden hufsa det litt til.








Alle bileta her i skogen er teken med 5D MarkII og 70-200mm. 
I kyrkja hadde eg lånt brudgommens Nikonkamera 
med tilhøyrande 17-70mm objektiv, for å ha full kontroll og 
rekkevidde på det eg ville. Dette nytta eg også under festen. 
Der nytta også kameramannen 
(han kjekke som holdt porten) 
høve å ta bilete av fotografen.
Her i smukk rølp med brudgommens forlovar... God stemning.








© Jorun Larsen