*
Digg med haust. Digg med haustferie.
(Sjølv om det betyr at den eldste er bortreist nokre dagar)
I dag har mini hatt ein "ynskjetur" til
apejungelen i Rosendal. Ungane slengte
seg på syklane, og mams og paps gav dytt og
motiverande ord etterkvart som behovet meldte seg.
Mykje fin leik i apejungelen, og deilige bollar frå
Peder Bakar vart slukt i ein fei.
Som om ikkje det var nok, hadde me middag
ved sjøen, brente bål og grilla pølser og
marshmellows, fant krabbar og herja.
Heilt fine dagar. Kjekt å knipsa minne.
*
*
© Jorun Larsen
*
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar