torsdag 17. oktober 2013

Julestria er i gong!

Me likar jul, gjer me ikkje?
I år er eg på marknaden for julekortfotografering.
For meg er det viktigste å ha kjekke bilete av ungane,
gjerne i fri leik - og plutseleg fangar eg ein nydeleg augneblink
- som eg sjølvsagt må dela med heile familien.


Når det gjeld julekort er eg nok ikkje den flinkaste å senda rundt.
Men eg sender gjerne små helsingar - ofte saman med bilete av ungane
 i form av kalender eller so. Dei personlege helsingane er dei beste.


Og dei personlege bileta. Som dette eg har nytta som døme.
 Augneblinken då smilet i augo kom fram.
Snøen farga huda kvit. Og sjølv om den store hua
stal mykje plass, fann eg fokus i klare blå auge.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar