Kvinnherad Fotoklubb har gjort det godt
oppgjennom i dei tretti åra klubben har eksistert.
Våren 2012 deltok eg for første gong i konkurransen
som no heiter NM i foto. Då fekk eg mot all forventning
sølvmedalje for eitt av dei fire bileta eg sendte inn.
Me er fleire som har sendt inn bilder no
i haust, og det er ganske spanande å delta.
Ein tar med nokre bilder til klubbmøte,
så vert det litt diskusjon rundt bileta som vert vist,
- på storskjerm, sjølvsagt -
og deretter blir kanskje nokre printa, og nokre
bilete levert digitalt. I år har eg fire papirbilder inne,
eitt i svartkvitt, to i vanleg fargepapir, eitt i farge kolleksjon.
Resten ligg digitalt. Så no er det berre å smørja seg med tolmod.
Ta litt fleire bilete medan ein ventar, tenker eg.
*
Her er nokre av mine bidrag.
*
© Jorun Larsen
*
Åhh hildrande du :P her skal det hagla antatte :P
SvarSlettHehe :D Da e jo lov å håpa!
Slett