mandag 30. januar 2017

Framleis tilstades

Pinhole frå Omvikdalen. © Jorun Larsen

*

Då har eg logga av facebook, og det kjennes godt.
Sjølv om eg har vore overtydd om at ein må vera tilstades, 
synleg og aktiv på all slags sosiale medie for å lukkast med
ei lita bedrift, har eg endra meining.


Ein skal ikkje halda fram i ei overbevisning berre fordi ein trur ein har rett.
Facebook har den siste tida vore full av reklame og sponsa hendingar,
innlegg frå vener, veners vener, og deira vener igjen 
- og resultatet har vore at eg har fått dette i fleisen dag etter dag,
utan at eg har sjans å velga kva eg vil sjå eller om eg vil sjå det.


Facebook er blitt eit kommentarfelt under ein relativt dårleg avisartikkel.
Eg orkar ikkje lesa slikt, så no orkar eg ikkje facebook heller.


Instagram er eg framleis glad i, og ein kan framleis nå meg der,
via epost og telefon. Eg er også veldig glad i brev.



*



Det har forresten vore ein stor suksess så langt å ikkje ha studio.
Eg har hatt nokre nydelege heimebesøk til små, nye verdsborgarar,
og dei søv seg igjennom økta i trygge omgivnadar. 
Her er ein smak frå eitt av dei siste heimebesøka,
finaste guten!







© Jorun Larsen



tirsdag 4. oktober 2016

Heimesessions



Må dela litt bilder av desse nydelege brødrene.
Som ein ser er den minste av dei ganske nyfødd,
og eg vart invitert heim til dei for å fotografera.
I bagen hadde eg nokre bakgrunnar og klemmer til å festa dei med. 
Eg nytta kjøkenbordet som bakgrunnsoppheng.
Lyset flauma inn vinduene.


Eg trur dette er den mest naturlege og behagelege situasjonen for ein
nyfødd knøtt å bli fotografert i. Foreldra slepp å fylla bilen 
med baby, eventuelle søsken og utstyr. Luktene, temperaturen, lydane... 
Alt er slik den vetle er van med. At det kjem nokon med kamera 
er nok ikkje heilt uvanleg det heller for ein nyfødd verdensborgar.


Studionøklane er no levert til huseigar.
Og eg er klar for fleire slike heimesessions!







© Jorun Larsen






mandag 26. september 2016

Familiealbum


Eg veit med meg sjølv at når eg tillet endringar,
og ikkje tviheld på det trygge, gode, som alltid har vore,
der er nok der ute eg veks mest og får dei beste erfaringane.
No har eg pakka meg ut av studio, det er berre levering av nøklar
som står igjen før det kapittelet er forbi.

*

Er det nokon forretningsmenneske som treng lokale? 
Hyl ut i so fall, eit passe stort hus med enorme mengder sjarm,
plassert midt i smørauga.

*

Men det var ikkje det dette innlegget skulle handla om. 
Dette innlegget skal handla litt om framtida -
som btw vil innehalda alt det eg tidlegare har tilbydd.
Eg vil fotografera folk sine store og små livshendingar,
vera med å gi liv til familiealbum med bilder frå desse stundene,
og eg kan framleis fotografera med nøytrale bakgrunnar
(kor som helst), men også - forhåpentleg - meir ute i naturen,
som eg gjorde med denne nydelege flokken.

Eg har fleire gonger dratt med meg folk til denne vakre bjørkeskogen
på veg opp Aterstad inst i Omvikdalen. Maur, saueskit, ei lokkande elv
og ei tidvis seig og blaut myr - denne plassen har alt for å få levande bilder.
Gi born ei naturleg leikestue - og dei finaste smila kjem heilt av seg sjølv.
Eg opplever at spesielt ungar opplever fotoseansen som mykje kjekkare
når ein tar det ute i naturen. Der dei kan forundra seg, 
og i stor grad herja og leika slik dei instinktivt gjer når dei er ute.
Jadajada, eg har pedagogikk frå lærarskule i ryggsekken,
eg vil at ungane skal få gode opplevingar, og kanskje til og med 
minnast fototuren som ein morosam dag, når dei ein dag er vaksne og ser
igjennom bildene for n´te gong.

Men eg elskar også når dei trassige toåringane kjem i studio og overkøyrer foreldra totalt.
Når femåringane gøymer seg under bordet, og berre høyrer det dei vil høyra.
Og når treåringane til nød stiller seg der ein ønsker dei skal stå 
- slik at lyset fell fint på dei, men dei stiller seg med ryggen til kamera. 
Det er sjølvsagt ikkje alle gonger dette skjer, men heller ikkje sjeldan.
Om eg hadde fått lov å laga ein serie på trassige ungar 
(og stressa foreldre) i fotostudio-setting, ville eg gjort det. 

I naturen har eg ikkje hatt denne opplevinga ein einaste gong.
Ungane vert drivne av sin eigen motivasjon, dei får lov å styra ståket,
og når dei gøymer seg er det ikkje under eit bord, men bak eit tre.
Og slikt blir det nydelege minner av. 

*















© Jorun Larsen




onsdag 14. september 2016

Ryddesal

Eg flyttar ut av studio no i september. 
"Så dumt det ikkje gjekk", seier dei fleste,
og eg må sei at det gjekk heilt fint, det passa meg berre ikkje.
Passa ikkje arbeidsflyten min, livssituasjonen min. 
Eg tykkjer det er heilt greit å ha prøvd, 
men eg går heller ikkje med sko som ikkje passar 
eller kjennes gode... 

Med frilansing i blodet er eg herleg rotlaus og innimellom rastlaus.
Då er det befriande å jobba kor som helst, utan å sitja igjen med 
dårleg samvit for eit tomt lokale i Rosendal. 

Håpar nokon andre pustar liv i lokalet der,
at dei faktisk treng det og er tilgjengelege.

Eg elskar fridomen ein har med å driva for seg sjølv.
At eg kan jobba både ute og inne, på reis, heime hos meg eller hos andre 
- alt utstyret eg har kan eg ta med kor det skulle vera. 
Ei herleg kjensle, ein herleg arbeidssituasjon å vera i.
Ingen begrensing, akkurat som eg likar det.

*

MEN!
Det er ikkje alt eg vil ha plass til når eg flytter kontoret heim igjen.
Difor vil eg ha flyttesal på plakatane eg har ståande.
Det er nokre igjen av kvar av desse her, og dersom nokon vil kjøpa,
er det førstemann til mølla som gjeld.

Legg ut bilde av dei ulike seriane under, 
send meg ein epost dersom det er noko som fell i smak!
post@hildringdesign.no


Storleik og pris står på kvar serie.

Løyp og kjøyp!

*

*




© Jorun Larsen




mandag 27. juni 2016

I den romantiske baronihagen



*

Altså. No er sommarmagasinet til Kvinnheringen ute.
Og ein av dei søtaste reportasjane eg laga var denne.
Med eit par dedikerte modellar fekk eg sett fokus på den
romantiske hagen som omsluttar det vesle slottet frå 1665.
Berre hagen åleine er ein turistmagnet, og fungerer som ein
leikeplass for oss som bur her året rundt. 
Baroniet er råflott det også, og sjekk ut kulturprogrammet HER,
for der vert det servert perler som jordbær på eit strå.



Tusen, tusen, tusen takk til mine kjempedyktige modellar,
Marie og Lavrans var med på å fortelja om kor romantisk det er,
på eit veeeldig profesjonelt nivå. All æra til dei!


*


Her er nokre av bildene frå vår vetle fotosession.
Smelt i veg!


*









© Jorun Larsen







onsdag 1. juni 2016

Tid for pinhole


Akkurat i tide kom 1.juni.


*

I dag er deadline for sommaravis,
og eg er heilt innafor streken.
Alle sakene er levert, og det er 
berre (berre og berre...) layout
og sidebrekking igjen, noko Kvinnheringen
(dyktige Vidar) tar seg av. Resultatet kjem i ei
postkasse nær deg, eller på den store verdsveven
15.juni. Der kan ein lesa om herlege folk,
kjekke aktivitetar, flotte turmål, romantikk, 
historiar og historie frå Kvinnherad.
Enno ein gong er eg veldig glad for å
 få treffa alle desse folka og sjå desse stadane,
det er heilt skjønt å i tillegg få betalt for å gjera noko så kjekt.


*

Det som skjer når eg nærmar meg deadline er at eg
søv dårleg, pustar og et når eg kjem på det,
og set liksom inn eit ekstra gir (og to)
for å ikkje slurva i innspurten. Og når dagen er der,
og alt er levert, og regnet høljar ned;
då er livet heilt fantastisk.


*

Eg tok meg difor ein time for meg sjølv 
i dag tidleg - før kontoret kalla, 
og oppsøkte den plassen som eg 
stadig oppsøker akkurat rundt deadline.
Blådalen og fjella over Matre,
og dei lange strekningane i Omvikdalen.


*

I dag var min følgesven mitt sjølvkonstruerte
digitale pinhole. Som vaneg urutinert 
(eller rutinert) utan stativ,
men med stor glede over å ha tid 
og overskudd til ei lita utblåsing. 
Når ein jobbar målretta med reportasje
er det noko i den kreative - billedlege - fridomen
som blir sett på vent. Då er det ok å ikkje måtta tenka på
at motiva skal vera klåre, og historia nødvendigvis må vera tydeleg.
Eg prøver for all del å vera kreativ i reportasjefotograferinga mi óg,
men det vert i ein heilt anna bås.


*

Her er nokre frå timen min.
(og no attende til det øvrige kontorarbeidet)














 2016 © Jorun Larsen





torsdag 14. april 2016

Størst av alt er kjærleiken



Det var ei stor glede å lesa at eit stort fleirtal stemte for ein ny liturgi 
og opna opp for bryllup mellom hjartevarme og elskande menneske i kyrkja,
der heile 88 av 115 gav eit samstemt og rungande 

JA!

Det historiske vedtaket er datert 11.april 2016.
13.april 2016 kunne ein lesa i Kvinnheringen at det ikkje vert snudd på hælen
i Kvinnherad. Her er det ikkje ein einaste prest som kjem til å via likekjønna.


Dei får meina det dei vil. 
Eg meiner noko eg òg.


*


Og det er at alle - uansett kjønn, uansett legning, 
er menneske med evna til å elska. Djupt og inderleg.
At alle skal få elska den dei vil,
og få lova å elska og æra kvarandre
- også i kyrkja.


*


"Å leva saman
er å leva i tillit og kjærleik,
dela gleder og sorger
og trufat stå attmed kvarandre livet ut."



*


Eg trur på menneske, det forunderlege og vakre,
som lever på jorda og drøymer om himmelen.
Som alle vert fødd og som døyr når tida er komen.

Eg trur at alle menneske er fylt med den same magiske sjela.
Fødd av våre mødre, som igjen er fødd av sine mødre.
Og at eit par med mødre, eller eit par med fedre
kan gi like mykje kjærleik til sine eine- eller fleireborne søner og døtre.

Kven har rett til å døma,
når vi alle er støypt i same forma?
Kjøt og blod, sjel og hjartevarme.

Eg trur på rettferd og likeverd.
På eit samfunn der desse verdiane er berebjelkane.
Og at me kan leva slik, side om side,
og elska kven me vil til døden skil oss ad.

Ayeah.





Skjermbilde frå artikkel i Kvinnheringen 13.04.16


Prestane våre håpa at folk ikkje ville melda seg ut sjølv om dei er konservative.
Vel, eg er på ingen måte støttemedlem lenger.
Størst av alt er kjærleiken!



Takk til mine skjønne modellar.
Som er vakre menneske med evna til å elska.




© Jorun Larsen