Viser innlegg med etiketten photography. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten photography. Vis alle innlegg

mandag 27. juni 2016

I den romantiske baronihagen



*

Altså. No er sommarmagasinet til Kvinnheringen ute.
Og ein av dei søtaste reportasjane eg laga var denne.
Med eit par dedikerte modellar fekk eg sett fokus på den
romantiske hagen som omsluttar det vesle slottet frå 1665.
Berre hagen åleine er ein turistmagnet, og fungerer som ein
leikeplass for oss som bur her året rundt. 
Baroniet er råflott det også, og sjekk ut kulturprogrammet HER,
for der vert det servert perler som jordbær på eit strå.



Tusen, tusen, tusen takk til mine kjempedyktige modellar,
Marie og Lavrans var med på å fortelja om kor romantisk det er,
på eit veeeldig profesjonelt nivå. All æra til dei!


*


Her er nokre av bildene frå vår vetle fotosession.
Smelt i veg!


*









© Jorun Larsen







onsdag 1. juni 2016

Tid for pinhole


Akkurat i tide kom 1.juni.


*

I dag er deadline for sommaravis,
og eg er heilt innafor streken.
Alle sakene er levert, og det er 
berre (berre og berre...) layout
og sidebrekking igjen, noko Kvinnheringen
(dyktige Vidar) tar seg av. Resultatet kjem i ei
postkasse nær deg, eller på den store verdsveven
15.juni. Der kan ein lesa om herlege folk,
kjekke aktivitetar, flotte turmål, romantikk, 
historiar og historie frå Kvinnherad.
Enno ein gong er eg veldig glad for å
 få treffa alle desse folka og sjå desse stadane,
det er heilt skjønt å i tillegg få betalt for å gjera noko så kjekt.


*

Det som skjer når eg nærmar meg deadline er at eg
søv dårleg, pustar og et når eg kjem på det,
og set liksom inn eit ekstra gir (og to)
for å ikkje slurva i innspurten. Og når dagen er der,
og alt er levert, og regnet høljar ned;
då er livet heilt fantastisk.


*

Eg tok meg difor ein time for meg sjølv 
i dag tidleg - før kontoret kalla, 
og oppsøkte den plassen som eg 
stadig oppsøker akkurat rundt deadline.
Blådalen og fjella over Matre,
og dei lange strekningane i Omvikdalen.


*

I dag var min følgesven mitt sjølvkonstruerte
digitale pinhole. Som vaneg urutinert 
(eller rutinert) utan stativ,
men med stor glede over å ha tid 
og overskudd til ei lita utblåsing. 
Når ein jobbar målretta med reportasje
er det noko i den kreative - billedlege - fridomen
som blir sett på vent. Då er det ok å ikkje måtta tenka på
at motiva skal vera klåre, og historia nødvendigvis må vera tydeleg.
Eg prøver for all del å vera kreativ i reportasjefotograferinga mi óg,
men det vert i ein heilt anna bås.


*

Her er nokre frå timen min.
(og no attende til det øvrige kontorarbeidet)














 2016 © Jorun Larsen





torsdag 31. mars 2016

Velkommen til verda





Nokre smakebitar frå ei gravid- og nyføddfotografering tidlegare i vinter. 
Herlege foreldre til ein skjønnas utan like!









Den største gleda, den mest spennande tida, og truleg den største kjærleiken.
Heilt nydeleg å vera med på å foreviga!









© Jorun Larsen






lørdag 19. mars 2016

Meir romantikk i Baroniet



Dette vakre paret gjekk for eit varmt og sydleg sommarbryllup.
Brune og fine og forelska kom dei heim til Noreg
og me tok bryllupsbileta i Baronihagen i Rosendal ein nydeleg 
ettermiddag med lav kveldssol.
Slik kan det gjerast!
















©Jorun Larsen





onsdag 9. mars 2016

Om Kvinnekampen

I går publiserte eg og Diana vårt prosjekt om den ekte kvinna,
der me ville hylla det naturlege, og bidra til å gi både dei deltakande
og andre som ser bileta eit lite inntrykk av at normalen for kvar og ein er unik.

Å ha dårleg sjølvbilete er eit sørgeleg kapittel, som slår ut som både 
sjølvskading, spiseforstyrringar, at ein vegrar seg for å gå ut av døra
utan sminke, eller som meg - ein vegrar seg for å gå i offentlege bad
fordi ein ikkje vil visa seg utan kle. Eg meiner media og kjendis-Noreg og -verda
har mykje av skulda for eit aukande problem med dårleg sjølvbilete,
og vårt prosjekt var ein dråpe i havet for å visa at ein er vakker uansett
kva fasong kroppen har, uansett små eller store pupper, brystreduksjon eller implantat.
Me har alle våre greier, og i staden for å skula på kvarandre, må me bli flinkare å fortella
kvarandre at det er heilt ok å vera unik. Både i utsjånad, personlegdom, 
stil og med den baggasjen ein kvar må ha. Unikt er faktisk heilt unikt!

*

Då dette prosjektet vart mat for lokalavisene kom ordet KVINNEKAMP med i tittelen.
Straks dette omgrepet vart plassert ved mitt namn, føler eg at det er heilt på sin
plass å gi rom til det som bør og skal vera fokus for denne dagen. 
Sjølv om eg er 100% FOR at alle - både kvinner og menn - unge og gamle,
skal ha rett til å kjenna seg nøgd i sin eigen kropp, betyr ordet KVINNEKAMP
mykje meir for meg enn retten til å ha eit godt sjølvbilete.

KVINNEKAMP er retten til å få utdanning og jobb. Retten til å bestemma over sitt eige liv.
Retten til å bestemma sjølv med kven og kva tid ein skal gifta seg. Retten til å ha eit naturleg
og vel fungerande underliv. Retten til å kle seg i det ein ønsker. Retten til å gå utanføre døra.
Retten til å leva utan frykt for å trø feil og i verste fall bli myrda av sine eigne.

Retten til å vera barn når ein er ung. Retten til å vera kvinne.

*

Hadde eg hatt moglegheita til å gjera alt eg ville, skulle eg nok kjempa 
meir for desse rettigheitene som eg meiner skal ha den største plassen i KVINNEKAMPEN. 
Både i Noreg og i verda. Eg ville gjerne teke opp den kampen med fotokamera. 

Sidan eg ikkje er i ein slik situasjon at eg vil reisa frå mine born og familie
nett no i livet for å faktisk gjera dette, betyr ikkje det at eg ikkje vil gjera noko.
Alle kan gjera noko - ingen kan gjera alt.

Men det er fantastiske fotografar som reiser rundt og fortel desse naudsynte
historiane per i dag. Eg respekterer dei så inderleg. Og dei får hjarta mitt til å blø.
Så når eg ser namnet mitt ved sida av omgrepet KVINNEKAMP,
ser eg det som heilt naudsynt å visa kva det ordet betyr for meg.
Her er nokre prosjekt og historier som fortel meir om kva 
KVINNEKAMPEN skal og må dreia seg om. 

Sjå gjennom bileta. Kjenn på alle dei kjenslene som dukkar opp.
Kvinnedagen må me gripa. KVINNEKAMPEN må me kjempa.

*


The remains of the ritual. © Meeri Koutaniemi




Den finske fotografen Meeri Koutaniemi har dokumentert omskjæring hos Masai-folket i Kenya.
Omskjæring er ulovleg der, men er framleis praktisert. 
WHO anslår at det er omlag 140 millionar lemlesta kvinner i verda. 
Tradisjonen for omskjæring er framleis praktisert 
i 29 land verda over, og stammar frå ideen om at kvinners kjønnsdelar er 
ureine, og dermed skal ikkje kvinner ha rett til seksuell nytelse.

*

Foto: Pieter Ten Hoopen


Den svenske fotografen Pieter Ten Hoopen jobbar for Plan Sverige, 
og dokumenterer mykje elendighet og kvardagar fjernt frå mange av oss sin kvardag.
 Mellom anna held han i desse dagar på å jobba med ein serie med barnemødre og deira små babyar. 
Her er 15 år gamle Janet som ser på sonen sin som tar ein kvil.

Les meir her om korleis du kan hjelpa jenter via Plan-Norge her;



*


Foto: Asghar Khamseh

I Iran er det i følgje statistikkar eit aukande problem med syrekasting.
Eit horribelt og valdeleg angrep mot kvinner og born spesielt -
med ideen om tortur og vanskjøting som motiv. Vanlege grunnar for 
denne grusame handlinga er ofte utført som hevn, på grunn av ønske om skilsmisse
eller fordi ein seier nei til eit frieri, eller familiære konfliktar og usemje.
Resten av livet (dersom dei overlever) må offera leva i skam og med store smerter.

Foto: Asghar Khamseh


*


Smita Sharma er ein indisk fotograf som jobbar med å fortelja historiene til
overlevande voldtektsoffer i heimlandet hennar, India. Dei som vert valdtekne
vert skamlagt, utestengt, torturert og trua for å ikkje fortelja om overgrepet,



*


Dette er berre nokre få - veldig få - av historiene som gir meg
blodsmak i kjeften og som gjer KVINNEKAMPEN viktig for meg.
Eg vil ikkje slutta å bry meg. Heller ikkje å gjera små eller større prosjekt
for å fremja kvinners rettighetar. Det er livsviktig. Kanskje ikkje for meg,
men for mange millionar av kvinner. 



*








mandag 29. februar 2016

AW16 for Secrets By B



Året starta godt med ei intensiv fotografering
av vår- og haustkolleksjonane til Secrets By B. 
Begge innehaldt lekre tekstilar og snitt,
 inspirert frå 20-tallets elegante look.

Haust og vinter var smashing og elegant.
Med djupe raude, grøne og blå tonar, samt mjuk strikk
og silkeglatte blusar, ein del glamor og feminine snitt -
denne gjekk rett heim hos oss alle tre. 

Bildene vart teke i heimen til Diana,
og backdropen var to stk gardiner. 
Denne man-tager-vad-man-haver mentaliteten
er noko som passar meg meget fint. Elskar det faktisk.
Ekstra fint var det også å berre nytta seg av det naturlege
dagslyset som flauma inn gjennom vindauga.


Foto: meg
Styling og makeup: Diana Ousdal
Modell: Bente Marit Sæberg
Kle og smykke: Secrets By B