mandag 26. september 2016

Familiealbum


Eg veit med meg sjølv at når eg tillet endringar,
og ikkje tviheld på det trygge, gode, som alltid har vore,
der er nok der ute eg veks mest og får dei beste erfaringane.
No har eg pakka meg ut av studio, det er berre levering av nøklar
som står igjen før det kapittelet er forbi.

*

Er det nokon forretningsmenneske som treng lokale? 
Hyl ut i so fall, eit passe stort hus med enorme mengder sjarm,
plassert midt i smørauga.

*

Men det var ikkje det dette innlegget skulle handla om. 
Dette innlegget skal handla litt om framtida -
som btw vil innehalda alt det eg tidlegare har tilbydd.
Eg vil fotografera folk sine store og små livshendingar,
vera med å gi liv til familiealbum med bilder frå desse stundene,
og eg kan framleis fotografera med nøytrale bakgrunnar
(kor som helst), men også - forhåpentleg - meir ute i naturen,
som eg gjorde med denne nydelege flokken.

Eg har fleire gonger dratt med meg folk til denne vakre bjørkeskogen
på veg opp Aterstad inst i Omvikdalen. Maur, saueskit, ei lokkande elv
og ei tidvis seig og blaut myr - denne plassen har alt for å få levande bilder.
Gi born ei naturleg leikestue - og dei finaste smila kjem heilt av seg sjølv.
Eg opplever at spesielt ungar opplever fotoseansen som mykje kjekkare
når ein tar det ute i naturen. Der dei kan forundra seg, 
og i stor grad herja og leika slik dei instinktivt gjer når dei er ute.
Jadajada, eg har pedagogikk frå lærarskule i ryggsekken,
eg vil at ungane skal få gode opplevingar, og kanskje til og med 
minnast fototuren som ein morosam dag, når dei ein dag er vaksne og ser
igjennom bildene for n´te gong.

Men eg elskar også når dei trassige toåringane kjem i studio og overkøyrer foreldra totalt.
Når femåringane gøymer seg under bordet, og berre høyrer det dei vil høyra.
Og når treåringane til nød stiller seg der ein ønsker dei skal stå 
- slik at lyset fell fint på dei, men dei stiller seg med ryggen til kamera. 
Det er sjølvsagt ikkje alle gonger dette skjer, men heller ikkje sjeldan.
Om eg hadde fått lov å laga ein serie på trassige ungar 
(og stressa foreldre) i fotostudio-setting, ville eg gjort det. 

I naturen har eg ikkje hatt denne opplevinga ein einaste gong.
Ungane vert drivne av sin eigen motivasjon, dei får lov å styra ståket,
og når dei gøymer seg er det ikkje under eit bord, men bak eit tre.
Og slikt blir det nydelege minner av. 

*















© Jorun Larsen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar