Viser innlegg med etiketten prosjekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten prosjekt. Vis alle innlegg

torsdag 28. august 2014

Nytt prosjekt - prosessdokumentering



Eit nytt prosjekt står på trappene (på teppene),
og har allereie fått sin første sprett.
Eg fekk eit kjekt spørsmål om eg kunne tenka meg
å dokumentera ein prosess - og ein ide - for Turid Lindeland
i Cosy Consept, slash Rosendal Turisthotell.
Ho er flittig på strikkepinnane, og ønsker å ha fotodokumentasjon
på prosessen fram mot nye gjenstandar som til dømes gode pledd.


Det er til no to pledd som er så godt som ferdige, og eg fekk lov
å vera kreativ i korleis dei skulle dokumenterast. 
Idear får eg jo heldigvis kvar dag, og her er mellom anna ein ide
om at teppe er så deilig at ein gjerne kan nytta det som eit plagg der ein ferdest.


Turid likte ideen, og me surra eitt av teppene rundt finaste Ida,
som bar teppet med ein styrke som fekk meg til å tenka på Game of Thrones.
I staden for skinntruse og spyd, kan ho erobra verden i eit teppe
- fylt av tryggleik, komfort, trøyst, glede, minne, omsorg, kjærleik og varme.
I bakgrunnen byrja småfuglane å fyka, og vidare bak -
ein majestetisk Melderskin fyllt med tunge dramatiske skyer.
I like it!





Bildene og historien vart heilt anleis med det andre teppe,
der me fotograferte ein meir tradisjonell "teppekos". 
Kor mange måtar kan ein eigentleg fotografera teppe på? 
Kor mange måtar kan ein nytta eit teppe?
Er strikking hot? Er strikk fashion? 
Kan ein fotografera teppe på ein slik måte at ein tilfører noko nytt?
Tankar eg har hatt pre-teppefotografering. 





Men for eit givande prosjekt å vera med på! 
Eg er takksam for å få vera med,
for å få putta litt av meg inn i bildene. 
How cool is that?! 


Her er nokre.















For ein flott modell!
Og ikkje minst vinkjellaren i Rosendal Turisthotell, 
som husa fotografering av teppe nr 2. Nytt og gammalt i praksis,
grunnideen bak det meste som vert gjort i Cosy Consept,
og igrunn på hotellet og. Ein ide eg likar.


Og dersom du lurer på korleis du skal klara morgondagen,
uansett kor store utfordringar som ventar;
Kle deg i eit teppe, og legg eit garnnøste i neven,
sleng litt på håret og face it. You can do it.





© Jorun Larsen
for Turid Lindeland / Cosy Consept







torsdag 20. mars 2014

Det gode livet i Kvinnherad

Eitt av prosjekta eg har jobba med etter nyttår
er eit bilagsmagasin for Kvinnheringen.
Eg har levert storparten av tekstane og ein heil del foto.
Magasinet kom ut i går, og det er temmeleg flott å 
sjå det in real life. Eg vert alltid like nøgd når noko
eg designer vert ekte, bilete eg tar vert printa og hengt opp,
eller som no - saker eg skriv kjem på trykk. Barnsleg glede,
den kjem eg nok alltid til å ha.


Tema for magasinet var dyr og dyreglede,
men det vart også høve til nokre andre saker
om kva som rører seg her i kommunen. 


Ei av sakene var at Kvinnherad Fotoklubb skulle tolka
tema med kamera, noko som resulterte i eit oppslag med flotte bilete,
og ein vinnar av eit gåvekort på 1000kr. Veldig kjekt med ein engasjert fotoklubb,
og ikkje minst veldig kjekt at lokalavisa tek initiativ til at me skal få litt pr. 
Teksten til denne var vel den eg ikkje skreiv sjølv… Men også her har eg bilete med, stor stas.


Her er link til  M a g a s i n e t , det ligg sjølvsagt på nett. 
Heldig er eg som får vera med å laga dette!









Her er nokre av bileta eg har tatt i løpet av denne tida.
Flotte menneske og dyr som har teke imot meg og delt av sine
tankar rundt alt frå lokalt landbruk til innovasjon og gode verdiar og magiske gleder.



mandag 17. februar 2014

Mountain Bride - Blådalen



Når det er mykje vêr er det like godt å gjera seg nytte av det.
Eg drog med meg modellen (noko motvillig) opp til fjells,
for eg ville ikkje berre ha vind i sløret, eg ville også ha ein
mektig bakgrunn, kvitt kvitt kvitt, tenkte eg. 

Sjølv om det var kvitt, kunne det vore meir snø etter mi meining,
men man tager vad man haver. Og det funka.










Eg er ingen feminist, og heller ingen kvinnerettighetsforkjempar. 
Men dette er nok ein serie som hintar til mitt engasjement 
i saker som omhandlar overgrep mot born og kvinner. 
Det eg landar på kvar gong, er at eg har ikkje svara på kva som må gjerast.
Men eg må uttrykka meg, må meina noko. Må prøva å visa mi stemme. 
At eg ser det. At eg ikkje ignorerer faktum. 
Eg har kalla desse bileta for Mountain Bride. 














© Jorun Larsen


Location: Blådalen, Kvinnherad
Kamera: Canon 5d MKII 
Optikk: 24mm 1,4







mandag 23. desember 2013

Desember ass



Snart jul. Veldig snart…
Om de hugsar hashtagen (døgnfluen) #BAKFASADEN,
vel, det er der eg befinn meg sånn til dagleg.
Og denne jula har eg alt på halv åtte i heimen.
Trur likevel eg klarar å sy samen ei av dei mest
stemningsfulle julene i gamlahuset.



Nye bokhyller i ståva og litt ny spisestova,
mykje kasting av bos som har hopa seg opp 
- som øydelagte leiker eller einsame puslespelbitar.



Eg ser forresten at det er omlag ein mnd sidan sist 
innlegg her. Det vert det slutt på i 2014.
Då går eg i gong med eit 365dagars fotoprosjekt.
Eitt bilete til dagen. 
Eg vil utfordra meg sjølv på å ta fram kamera jamnleg.
Sjå motiv sjølv på dagar der eg ikkje kjenner meg kreativ.
Dokumentera ei utvikling både teknisk og billedleg.
Kanskje aller mest for meg sjølv,
men om nokon vil følgja med er det fritt fram!



Og når eg seier at eg ynskjer å pusha meg litt,
er det litt på grunn av kameratørken eg har hatt dei siste dagane.
Satsar på ei kameraflittig jul.



Her er nokre bilete eg tok i fjor, då me var på juletrehenting. 
Dette er trea på Skeie, og nedover i Svartadalen. 
Gjort om til ekte Rosendalske/Kvinnherske kaleidoskopmønster.
Eg er heilt fjetra over kor fint det vert! 



…kan ein laga strikkemønster av noko slikt, kanskje…?








© Jorun Larsen

torsdag 21. november 2013

Digital teikning

 No om dagen har eg nok typisk innehud.
(noko eg skal gjera noko med i kveld)
Eg anar ikkje kor mange timar som går med
i dette sluket - med digital teikning - no om dagen.
Når ein verkeleg får dilla på noko, you know.
Eg vert iallfall veldig lett bitt av slike basillar,
ein av grunnane til at eg må holda meg 
vekke frå t.d. gaming…


Men dette arbeidet er så inderleg digg. 
Det er personleg arbeid som eg har byrja på
med Jul i Rosendal i tankane. 
Der skal eg og mi kjære søster stilla med bod,
i år, som nokre år tidlegare,
og eg trur det blir den beste boden me har hatt!
Gler meg veldig til stemningsfulle dagar i
vakre Rosendal (parkeringshuset under Eurospar 
er ikkje verdas flottaste, men det kjem nok til å husa mykje flott).


Me skal i tillegg ha juleverkstad for ungar frå fire år
og oppover, noko me gler oss til :-)
Her skal me mekka flott juletrepynt,
og kosa oss gløgg i hel!


Men her kjem nokre av mine digitale.
I kva form dei kjem til å dukka opp på
julemarknaden, veit eg ikkje. Men jaggu
er det kjekt å skapa desse søtnosane!


Stay tuned for more,
eg er hekta.





© Jorun Larsen




lørdag 26. oktober 2013

Skumringstimen



*


I går byrja eg tenka på kor langt eg kunne 
pressa kamera utover haustkvelden.
I staden for å lura meir, slengte eg kamera
over skuldra og gjekk ut for å testa.
Med på lasset var 50mm 1,4 objektivet mitt, og mine to yngste
(og like mange kinderegg, lokkelokkelokke).


Konklusjonen er først og fremst at
det vert plutseleg veldig, veldig mørkt.
Og elles at ein kan henta mykje på å
ha stativ - noko eg ikkje hadde.
Men elles er det jo ei fantastisk tid
å vera ute på. Stemninga som 
*smack*
er der.


Skiftane skydekke som bringer med seg
magiske flater med lys og skugge. 
Og under trea i Baronihagen, 
der dryssa det løv i alle fargar.
Når eg såg utover var det omlag 
som det regna store gule og oransje dråpar.
Med brølande hjortar oppgjennom dalen og fjellsidene
Kan du tenka deg?! 


Eg tynte kamera til yttarpunktet trur eg.
Og så har eg tynt vidare i photoshop
på dei mørkaste bileta. 
Men det fungerer. 
Eg  fanga stemninga.



*









*











*











*










*











*









*





Dette siste bilete har eg kjørt gjennom filteret oil paint i photoshop.
Det var alt for uklart slik det var - som det siste bilete eg tok,
før me måtte gå - for å i det heile sjå kor me gjekk…
Med oil paint fungerte det sjølv om det var uskarpt.
Mi meining iallfall.



*


© Jorun Larsen



*