torsdag 28. august 2014

Nytt prosjekt - prosessdokumentering



Eit nytt prosjekt står på trappene (på teppene),
og har allereie fått sin første sprett.
Eg fekk eit kjekt spørsmål om eg kunne tenka meg
å dokumentera ein prosess - og ein ide - for Turid Lindeland
i Cosy Consept, slash Rosendal Turisthotell.
Ho er flittig på strikkepinnane, og ønsker å ha fotodokumentasjon
på prosessen fram mot nye gjenstandar som til dømes gode pledd.


Det er til no to pledd som er så godt som ferdige, og eg fekk lov
å vera kreativ i korleis dei skulle dokumenterast. 
Idear får eg jo heldigvis kvar dag, og her er mellom anna ein ide
om at teppe er så deilig at ein gjerne kan nytta det som eit plagg der ein ferdest.


Turid likte ideen, og me surra eitt av teppene rundt finaste Ida,
som bar teppet med ein styrke som fekk meg til å tenka på Game of Thrones.
I staden for skinntruse og spyd, kan ho erobra verden i eit teppe
- fylt av tryggleik, komfort, trøyst, glede, minne, omsorg, kjærleik og varme.
I bakgrunnen byrja småfuglane å fyka, og vidare bak -
ein majestetisk Melderskin fyllt med tunge dramatiske skyer.
I like it!





Bildene og historien vart heilt anleis med det andre teppe,
der me fotograferte ein meir tradisjonell "teppekos". 
Kor mange måtar kan ein eigentleg fotografera teppe på? 
Kor mange måtar kan ein nytta eit teppe?
Er strikking hot? Er strikk fashion? 
Kan ein fotografera teppe på ein slik måte at ein tilfører noko nytt?
Tankar eg har hatt pre-teppefotografering. 





Men for eit givande prosjekt å vera med på! 
Eg er takksam for å få vera med,
for å få putta litt av meg inn i bildene. 
How cool is that?! 


Her er nokre.















For ein flott modell!
Og ikkje minst vinkjellaren i Rosendal Turisthotell, 
som husa fotografering av teppe nr 2. Nytt og gammalt i praksis,
grunnideen bak det meste som vert gjort i Cosy Consept,
og igrunn på hotellet og. Ein ide eg likar.


Og dersom du lurer på korleis du skal klara morgondagen,
uansett kor store utfordringar som ventar;
Kle deg i eit teppe, og legg eit garnnøste i neven,
sleng litt på håret og face it. You can do it.





© Jorun Larsen
for Turid Lindeland / Cosy Consept







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar