lørdag 8. august 2015

Dei sa ja!



Eg håpar eg aldri kjem ut frå eit bryllup der paret seier nei.
Sjølv om det ville blitt fotografisk interessant... eg håpar alltid dei seier ja.
Og til no har dette gått fint!


Silje og Henrik gav kvarandre sine ja, og resten av dagen
smilte alle - både brudeparet og gjestene - frå øyra til øyra.
Ikkje berre med munnen, men heile kroppane deira var lukkelege.
Det regna både ris og vatn, men heldigvis var det gløtt av opplett også,
stort sett når me trengte det mest. Ein av dei mest sveitte erfaringane mine 
denne dagen var å samla alle gjestene til eit gruppebilde.
Aller helst skulle dette blitt gjort ute ved fjorden, med fjella i bakgrunnen,
og ikkje minst sval temperatur og god plass til både fotograf og menneskehop,
men det vart sjølvsagt ikkje slik. Inne på Rosendal Fjordhotel trylla dagleg leiar fram
eit passeleg lokale og ei svimlande høg gardintrapp, på med vidvinkel og eg fekk
gjera det beste eg kunne utav både lys, balanse og stemmebruk. 
Det gjekk på eit vis.


Eg var med heile dagen, hadde meg ein tur på førebuingane til både 
komande herr og komande fru. Nervene var på plass, men det viste
seg at dei ikkje hadde noko å vera nervøse for. Nydelege var dei,
og til kveldens talar fekk eg understreka mine inntrykk av heile gjengen;
alle med enorm omsorg for kvarandre, og antageleg hadde ikkje bruda trengt 
regndråpar i sløret for hell og lukke i ekteskapet. Størst av alt er kjærleiken!
Til lukke fine dykk! Og takk for tilliten!













.....










.....













.....















.....




















© Jorun Larsen, 2015





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar