onsdag 19. august 2015

Bryllup i Norheimsund



I desse dagar kan eg lett bada i bryllupsbilde,
og i helga som kjem er eg klar for eit nytt bryllup!
i år har fleire av bryllupa vore på utsida av kommunegrensene,
noko eg synest er kjempespennande! No har eg lært meg med
gps'en på mobilen også, så det er ikkje så vrient å finna fram heller.


Dette bryllupet var i Norheimsund, på ein nydeleg solfyllt dag.
Eg dukka opp hos frisøren og var med heile dagen og kvelden, 
slik at eg kom meg heim med siste ferje frå Gjermundshavn. 

Sol kan vera utfordrande, men det som var heilt nytt i dette
bryllupet var å ta bilde av burning - med eit forelska par framføre.
Eg har meget lite kunnskap om bil og bilsjargong,
så burning var på alle måtar nytt for meg. Men er det burnebilde
som er ønske, då får me det til å fungera! Og eg synest det vart knall!
Med ein forlovar som midlartidig fotoassistent, og eit nygift ektepar 
som etterkvart vart slukt av røyk med den herlege lukta svidd gummi,
ein kan ikkje anna enn å vera nøgd etter noko slikt! 

Ellers følgde dagen med smilande gjester, dansande brudepiker,
herleg mat og flotte talar. Turen heim var også nydeleg. 
Stille kveldssol, straka vegen. Ein flott dag!







....

















 ......












......
















.....












© Jorun Larsen, 2015










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar