mandag 8. september 2014

Forever - Diana & Øyvind



Dette bryllupet var ganske unikt,
både med den nøye planlagte ramma, på gjennomføringa og
ikkje minst at det vart lagt til ein søndag. Med berre dei næraste venene og familien,
var det plass til alle på benkane oppe med alteret i Kvinnherad kyrkje i Rosendal. 
Presten smilte, fleire av dei andre felte tårer. 


Intimbryllup, kan me kalla det.



Diana og eg hadde leika oss tidlegare med ein brudekjole frå Tekla Dresses,
 -ein fantastisk flink designer frå Sverige, med eventyrlege kjolar -
og det gav frøken Di ein ide om at eg måtte vera bryllupsfotografen deira.
Heilt fint, I'm in!


Då eg stakk innom for å legga dei siste planane på kva bilde eg skulle ta,
såg huset ut som ei blautekake, og ein guida tour var på sin plass 
for å komma over alle DIY-prosjektene ho hadde syssla med. Ute og inne. 
Kvar ein detalj var på plass, og hadde det eksistert naturlege bjørkespikrar med blonder på,
ville desse vore nytta til å festa blondene i taket i stova. Det er eg sikker på.
Festen skulle altså haldast i heimen deira. 


Dermed var det ein del som skulle dokumenterast på sjølve dagen,
i tillegg til vigsla, gjestene, festen og alle augneblinkane. 
Eg var med frå førebuingane til kvelden var over.


Dagens siste solstrålar fekk dei nygifte med på dei siste bryllupsbileta eg tok.
Desse solstrålande vil henga med dei livet ut, og fylla dei med glede og kjærleik
på dagar med motgong. Det er berre å ta fram bildene, og minnast.


Oh my, så kjekt å fotografera i bryllup! 
 ♥ Jobben ♥ Livet ♥ Kjærleiken ♥



For meir detaljar og inspirasjon, stikk innom 
Her er eit utvalg frå meg.























































Hår, makeup, styling, diy, blomar, brud - Diana Ousdal
Hunk - Øyvind
Kjolar, brud og forlovar - Tekla Dresses
Vigsel - Kvinnherad Kyrkje, Rosendal
Location - Omvikdalen, Kvinnherad

Foto © Jorun Larsen






1 kommentar:

  1. Fantastiske bilder !!
    Elsket bildet av deg og datteren din , oser morskjærlighet av det <3
    klem

    SvarSlett