tirsdag 19. august 2014

Brudeshoot med flotte Diana



Nokre gonger får eg med meg folk til å testa ut idear,
og denne gongen hadde eg med meg Diana Ousdal
flott interiørkvinne og diy-frøken som også funkar toppers som modell
til Aterstad for å ta nokre brudebilde 
- utan at det var eit bryllup med i bilete.
Og gosj, så fint det var å berre øva - ha god tid, 
ingen middag sin skulle tilbake til,
ingen heva skuldre, ingen bryllupstale-nerver
- b e r r e  god tid til alle påfunn.



Heilt fint er det då at Diana kjenner Camilla Neller,
designer i Tekla Dresses, som lagar dei lekraste brude- og selskapskjolar.
Kjole vart tilsendt frå Sverige (søta bror og syster så flott den var!!!)
og ein vakker sommar eftan, var det dags for litt impulsfotografering.
Med nokre idear i bagasjen, samt ein blodfersk stråbukett med tyllbånd,
mekka av strå frå låveveggen, bar det i veg til Omvikdalen.



Då både eg og min vakre modell har ein hung-up på bohem stil 
- også på bruder - var det heilt fint å gjera det til tema for shooten.
Derav den enkle buketten, og Diana stod sjølv for hår og makeup.
Kjolen frå Tekla Dresses passa nett fint inn i den boheme og romantiske stilen.



Resultatet vart eit knippe bilder med eventyrleg landskap
og heilt magiske lysforhold. Plassane eg hadde valt ut for 
fotograferinga fekk full klaff med lyset denne dagen,
og eg er igrunn strålande nøgd med bildene! 
Tusen takk for ein finfin kveld, Diana! You rock!



Hår/makeup/modell - Diana Ousdal
Lekker kjole - Camilla Neller, Tekla Dresses
Stad - Omvikdalen, Kvinnherad
Foto/bukett - Jorun Larsen
















© Jorun Larsen 









2 kommentarer: