fredag 5. september 2014

Forever; Linda & Torbjørn





This is true love you guys!
Eit nydeleg bryllup eg fotograferte - type halvdags. Eg var med frå morgon til middag,
og punktum vart eit fellesbilde medan det plaskregna ute, på herlege Laukhamar på Tysnes.


Planen var sjølvsagt at det ikkje skulle regna, og både eg og brudepar hadde fleire idear
som kunne blitt gjennomført dersom det var opplett, og ikkje gjørmebad på dei store engane.
Den gong ei. 


I eit gammalt skulehus vart det skapt litt magi, sølt litt champagne,
og herregud så mykje latter og glede! Då kunne dråpane ute berre styra på.


Første del av dagen var på Pepper Hårstudio i Borggata på Leirvik.
Super stemning, og dyktige jenter som ordna og fiksa. Brukte makt dersom dei måtte,
og gosj, så flotte dei vart, både brud og dei to brudepikene var smashing!

Vidare gjekk turen med ferja frå Jektevik, og over til Tysnes der vigsla skulle skje.
Medan eg suste avgårde i min vetle Suzuki wagonR+, var resten av følget hakket meir
standsmessig. Ein gylden Rolls Royce, sjølvsagt. Flottaste bilen denne dagen!

I kyrkja var det flott, mange var samla for å dela stunda med Linda og Torbjørn.
Etterpå reiste følget avgårde til festen, og me hadde nokre stopp på vegen 
for å foreviga paret og flokken deira. Bildene talar for seg.




































Hjarteleg til lukke! Nydelege ektepar!




© Jorun Larsen






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar