torsdag 11. september 2014

Småttisar! Herlege!

Det har vore ein del små innom i det siste.
Innimellom bryllupsfotograferingar,
har dette vore veldig fine avbrekk!
Medan eit bryllup er å vera på hugget - på rett plass til riktig tid,
vert sovande små babyar og rolege fotograferingar to totale motsettingar.
Nokre har eg hatt heime, andre ute i naturen. Variasjon er noko av det som driv meg.
Veldig kjekt å kunna gjera ting litt anleis frå gong til gong, det gjer meg motivert og inspirert.
Samstundes er jo folk ulike, og sjølv nyfødte har sin personlege veremåte
- noko eg prøver å fanga i bildene, og som gir ein naturleg variasjon. 
Kalenderen min begynner å bli pepra med små blå prikkar, 
noko som betyr at eg har fleire slike framover.
Herleg å sjå at det eg held på å bygga opp rullar!


Her er to av dei skjønne!



★ William ★







♥ Lilja ♥









© Jorun Larsen







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar