tirsdag 2. september 2014

It's a nice day for a white wedding

Anne Lise og Henning sto plutseleg i beit for bryllupsfotograf,
og eg fekk ein telefon torsdag kveld for snart to veker sidan.
Dei skulle gifta seg om to små dagar. - Har du sjans?


Puttefestival og eit anna fotooppdrag til side,
eg fekk ordna plass i timeplanen, og sa I do.


Noko som skulle visa seg å vera heilt smekkert.
Ikkje kvar dag ein får Neil Young i vigsla. 
Og heller ikkje kvar dag ein får bli med til havet.
Eg som elskar både god rock og hav. Yeah baby!


Og sjølv om det såg ut til at himmelen skulle tømma sine goder på oss,
klarna det opp til å bli ein riktig fin eftan på havet. Slåtterøy fyr har nok aldri vist seg så flott.
Det likar eg iallfall å innbilla meg. 


Eg vert alltid berørt av omsorgen folk har for kvarandre,
noko som kjem tydeleg fram i hendingar som dette.
Denne flokken hadde omsorg for kvarandre til tusen,
og dei var ikkje redde for å verken visa det eller sei det.
Herleg. Eg elskar det. Elskar jobben min. 



Her er nokre bilde.




































© Jorun Larsen











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar