mandag 6. mai 2013

Øving gjer meister, seier dei.




Eg har trua på det. At ein må øva for å bli god.
Og at ein kjem lengst med hardt arbeid.


Med desse orda klingande i bakhovudet, 
og fleire utfordringar som ventar i nær framtid,
tenkte eg at denne kvelden måtte nyttast til
litt øvingar. 


Her har eg i grunn berre bakt eit bananbrød -
som btw smaka heller ille... Trur eg har blingsa.
Så har eg prøvd å tenka litt tradisjonromantikk
i styling, og tatt det eg har av effektar. 
Eg har jo ikkje så mykje, men det trur eg berre er bra.
Jo meir kreativ må eg vera, og jo meir originalt kan det bli.


Eg har fleire idear som eg berre er nøydd å setja ut i live.
Laga meg kulissar med gammal drivved, til dømes. 
Eller finna nokre rustplater. Måla nokre kvadrat 
i ulike stilar, noko røft, noko delikat, noko søtt...
Då har eg bakgrunnar til ein kvar styling.


Den med drivved vert nok den eg treng først.
Eg har ein reportasje å laga.



*



Så banankaka.. Den ser heldigvis betre ut
enn den smaka. Og med eit arva, gamalt servise
og nokre vakre roser som eg fekk til min tre tiårs-dag,
samt ein gamal blomekasse som eg til vanleg har spirene mine i,
var eg noko lunde klar. 


Eg gjer dette så skjeldan at eg har funne ut at eg 
plent er nøydd å gjera det oftare. 
So kjem forhåpentlegvis skillsa etterkvart. 
Det er heldigvis mykje inspirasjon rundtom.


Resultatet vart som det skulle. 
Eg eksperimenterte med eksponering,
utsnitt, fargemetning, vinklar, fokus...
Og så måtte eg jo gjera litt ymse i redigeringa 
også. Det var dog ikkje det som var prioritet i dag.



*









*








*










*




Eg endar vanlegvis slik som dette. 
Å gjera noko heilt bortanfrå det eg faktisk skulle.
Men estetisk vart det no i svart og kvitt og, tykkjer eg,
og med å dra ned eksponeringa, er ein plutseleg over i
eit heilt anna uttrykk. Eit uttrykk som kler roser godt.





*





© Jorun Larsen








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar