torsdag 2. mai 2013

Eg teiknar damer








*



I dag har eg tenkt ein del på noko som mest truleg 
dukkar opp på agendaen på seinsommaren. 
Eg visste ikkje om eg ville takka ja til å bli med,
men i dag fekk eg ein temmeleg klar ide.
Og det er som oftast då eg spinn i veg.


Håpar dette er ein av dei gongane det berre 
spinn. Og at eg får det til slik eg vil. 


Eg trur dette kan vera ein av dei kjende
ringane i vatnet. Noko som dreg meg vidare,
og som kanskje kan opna nye dører igjen.
Slike domino-hendingar er i grunn gull. 


Det eg skal i gong med er å ha ein 
workshop under årets Festidalen, 
på ei nysatsing for born og unge.
Dei kallar det Festidagen.


Det er ein del andre postar også, men eg har 
iallfall ein ide om foto og teikning i kollasj.
Ideen er ganske klår, men eg har ikkje fått
endeleg ja enno på det eg vil gjera, so eg får 
vel venta litt før eg legg dei store planane vidare. 
Ideen min spinn iallfall ut frå mine tankar om kva ein
festival er. Eller fest. Minnene ein får. Opplveingane,
kyssa, stemninga, venskap. Prøva å gjenspegla desse
små skattane med foto og teikning. Og det i dagane FØR
festivalen faktisk startar heilt opp. Eg trur det kan vera 
lærerikt, inspirerande og spanande. 




*



Medan eg har tenkt i desse banar har eg 
redigert nokre teikningar som eg har 
teikna dei siste dagane. Slik held eg på.
Innimellom anna arbeid. 















Eg skal fundera vidare. 
Kreativiteten lenge leve.




*




© Jorun Larsen






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar