tirsdag 7. mai 2013

Baroniet i Rosendal




Slik som dette såg det ut på Baroniet for nokre månadar sidan.
Alle bileta i kollasjen er tatt med mobilkamera, og justert litt i 
photoshop. Eg posta vel alle desse på instagram kort tid etter 
eg hadde vore der. Ein krisp og fin vinterdag, fuglane kvitra allereie då.


Og det gjorde dei jaggu i dag og. 
Eg vert alltid så forbløffa over å koma inn
i Baroniparken. Dei sirleg snirklande vegane
mellom evigstore tre og vakre dammar og grasplettar.


I dag var eg innom på grunn av arbeid. 
I morgon opnar dei for sesongen,
og det var hektisk på alle som jobba der.


Eg tok meg tida til å knipsa litt for min
eigen del og, når eg først var der.
K v i f o r  er eg der ikkje meir?!




*



... til dømes for å nyta synet av denne flotte fontena.








*



Eller berre for å mysa i hagen, for der er det jaggu mykje deilig å kvila augo på...










*



... hagecafeen er jo og ein draum...








*



Og så den biten som ein stort sett ikkje får høve til å oppleva på 
den måten eg gjorde i dag. Ein tur innom sauene og deira
- til no - 215 mjuke lam. Gurimalla so nydelege.




Vaktmeister Helge Løyning med eit lam av gammalnorsk sauerase



*



Ja, og so var eg inni slottet. I den raude og i den gule sal.
Fekk innsideinformasjon om både flygelstemming og om
kunst og harmoni og møblar og andre polerte detaljar. 


Steiki kor flott eg har det. 



Magnus Bjørlo Lysbakken - ein av 65 autoriserte pianostemmarar i landet - stemmer flygelet i den raude sal.




*




© Jorun Larsen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar