mandag 29. april 2013

Arbeid. Foto frå ein keramikerverkstad.



Tidlegare i vår laga eg ei sak om Elisa Helland-Hansen,
ein superflink keramikar som nyleg har flytta til Kvinnherad.
Eg skreiv saka for avisa Kvinnheringen, 
der nokre av bileta kom med i fargar,
men som eg stort sett gjer, har eg også
bileta i svart og kvit. Det vert heilt andre bilete slik.


Eg er i grunn ganske nøgd med å ha slike oppdrag. 
Eg anar meir og meir dragning mot å ta bilete av
menneske, og på denne måten blir det jo både 
action og former og menneske og interessante historier.


Nokre bilete går eg og har inni meg.
Bilete som eg ynskjer å ta. 


Men desse er heilt uregisserte. 
Og eg opplevde eit godt samarbeid med
keramikaren. Knall raude briller og lepper,
krittkvitt hår, brun kjeledress.
Meddelande og smilande heile vegen.
Då var det lett å knipsa.





Her står ho med ein figur av seg sjølv som
ho fekk til 50års dagen. Søte, begge to.


*


Under er eit utval av keramikken hennar. Koppen er
hennar signaturverk, og ho perfeksjonerer både
det estetiske og det sanselege i bruksgjenstandane sine.
Mat er også eit stikkord. Mat og drikke.










Eg var heldig og fekk ein liten demonstrasjon.
Den vesle dråpeforma leirklumpen hennar er
elta med ein orientalsk teknikk. 
Me vart begge opphengt i dei vakre
formene og linjene som kom fram.


...og hender på bilete gjer seg alltid så steike bra.
Her er det både hender OG håndavtrykk. 







Og til slutt vart den orientalsk-knødde 
leirklumpen til ei frodig mugge
med generøs og krisp tut.


"Slik at den kutter strålen perfekt"


Så delte ho mugga tvert i to, slik at eg fekk sjå veggane.
Det var den mugga. 


Arbeid virkar ikkje som arbeid når det er på denne måten.










*



Nokre gongar må eg berre ta meg tid til å tenka over
kor heldig eg eigentleg er. Eg får halda på med ting eg 
verkeleg brenn for. Og eg eg liksom berre så vidt i gong
med dette livet. Med yrkeslivet. Med karrierestigen. 


Og eg har sjølv bygd denne stigen,
eg er min eigen sjef. Det er sjefs.




*



Bileta er forresten gjort om til svart/kvit i photoshop,
eg har justert litt på curves, samt ein liten justering i gamma/offset.
Då får eg fram ein djup gråsvart tone i bileta som eg tykkjer gir 
eit dempa uttrykk. Liksom litt nostalgisk. 



Og når det vert slik drøymer eg 
meg inn i eit mørkerom for å 
verkeleg læra fotohandverket. 
Å laga eit foto med nevane
i staden for å redigera digitalt. 


Kanskje ein vakker dag finn eg eit 
perfekt kurs der eg lærer dette. Og 
kanskje, ein annan vakker dag,
vil eg kunna jobba på denne måten sjølv.





*


Alle bileta er tatt med Canon 5D mkII, og 24mm f/1,4 L USM.




© Jorun Larsen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar