Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommar. Vis alle innlegg

mandag 13. juli 2015

Blå



Eg kan ikkje kalla det late sommardagar,
men sommardagar er det iallfall. Det ligg 
ei full liste med ting eg skal gjera denne 
veka, men når sola er tilstades til seine
kvelden er det greitt å nyta sommaren 
sjølv om pliktene ikkje gjer seg av seg sjølv.



Kamera og sjøliv høyrer ofte 
i hop, eg held framleis på å samla 
sommarminne saman med familien. 
Desse litt meir eksperimentelle enn
dei eg samlar for familiealbumen.


.....
Truleg kjem dei med, desse óg.




© Jorun Larsen 2015







torsdag 29. mai 2014

Panorama

Trikset med å fotografera i sterkt sollys
(hurra for sol) er å bruka den til sin fordel.
Ein av måtane eg har greid å vera på lag med sola
er å ta bilde av landskap - noko eg kanskje gjer
minst av jamt over.

Men no har eg funne ut at panorama er 
spanande å jobba med, kanskje fordi ein lett kan fotografera mot sola,
og likevel ikkje få eit fullstendig utbrent bilde. Stas!

Samstundes får ein vist større deler av det ein tar bilde av,
noko som er heilt fantastisk. Desse bileta er knipsa i Kvinnherad,
mest i strekninga Rosendal - Seimsfoss. Herleg!













© Jorun Larsen