onsdag 15. januar 2014

Allereie veke tre

Eg har fått eit merkeleg forhold til tid
etter eg byrja prosjekt 365. 
Det er nesten som om eg måler tida
i den mengd eg kan produsera. 
Og eg veit jo at eg kan drodla fram
kva som helst (crap og diamantar)
på null tid. Men eg prøver å fokusera på
innhald. På å produsera mest diamantar.
Minst crap. Og no har eg ein heil
del bilete på disken her… Ullent å
berre la dei ligga der. Innimellom
er eg veldig usikker på kva bilete eg skal
presentera kvar dag. For eg har å ta av.
Og så vert eg jo heilt fordumpa/forskyndra
(mini-uttrykk som funker når ein er litt i mangel på ord)
sidan eg får så ulike bilete heile tida. Det må vera noko
med stemninga dag for dag. Mine uttrykk er jo og 
ein fellesnemnar for dei inntrykka eg får i meg dagleg.
Om det er ein tur til Bergen med eit spanande møte,
om det er kvitrande og svoltne småfuglar i tunet,
eller meir oppstilte og historieforteljande,
såre, kreative eller eksperimentelle
bilete… Eg tenker. Det tek eit 
sekund å knipsa eitt bilete.


~


Dersom eitt bilete 
vert dvelt ved i meir enn
eitt sekund. Kanskje det festar seg.
At ein minnest det, og det gir meining - 
då har ein vel skapt ein liten diamant?  


~


Morten Krogvold seier at han har hatt eitt godt år
dersom han får eitt eller to gode bilde. Verkeleg gode.
Eg trur eg legg meg på den lista med dette prosjektet. 








© Jorun Larsen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar