Viser innlegg med etiketten Gamlebyen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gamlebyen. Vis alle innlegg

tirsdag 18. november 2014

Mitt Stockholm




Eg lever enno på gleden over Stockholmturen,
då eg tok ut for å oppleva Fotografiska
med utstillingar av Anders Petersen, Joyce Tenneson og
høstsalongen - der 52 av Sveriges mest spennande fotografar
har stilt ut eit hav av fotografi - slik virka det iallfall, temmeleg massivt!


Og Anders Petersen sine svartkvitt bilde gjekk rett heim. 
Ikkje berre i motiv - som var provoserande og ærlege,
men også i presentasjonen av arbeidet hans. 
Han skildrar 'møtet' i sine arbeid, noko som var 
gjennomgåande frå hans første bilder til det han jobbar med i dag.


Turen til Fotografiska er mitt nest siste ledd i prosjekt 365,
der eg jobbar med å utvikla meg sjølv som fotograf,
både med dagleg fotografering, med tur til Nordic Light,
workshop med Øyvind Hjelmen og no kan eg også huka av ved Fotografiska.
For meg er det eit viktig senter for fotografi, der ein får presentert både 
gamle og nye heltar innan faget, både her i norden og frå resten av verda. 
Eg trur det er viktig å følga med på kva som rører seg i samtida,
men for meg er det enno viktigare å få ei oppleving av kor 
fotografiet kjem frå, kva det har betydd og betyr,
og å få kjennskap til historia, folka, stilane. 
Eg meiner det vil gi meg ei større 
forståring for mitt eige arbeid.


Stockholm viste seg frå si beste side.
Regntung og litt vindig, men likevel
så varm og imøtekommande som berre 
svenskane og Sverige kan vera.
Deilig mat, trasketurar i regnet,
pulserande storby - I love you!


Bidet øvst er utsiktet frå hotellet der me budde,
elskar kontrastane i bylandskapet.
Her er vidare bilete frå gamlebyen, 
frå reisa, frå Fotografiska 
og frå opphaldet.



Hei Stockholm! 
Sjølvportrett, on the toilet

High five dude!

Walk that way, talk that way


By night.






Eit glimt av utstillinga til Anders Petersen. Bildene var truleg 50x70cm - om ikkje større, og stifta på heile veggen, akkurat som tapet. Refreshing!




Eg er SÅ lukkeleg for at eg har klart å gjennomføra prosjektet mitt så langt,
og fekk masse inspirasjon av både reisa og oppholdet. Eg har allereie
begynt å tenka på korleis eg skal legga opp neste års prosjekt
- for det blir prosjekt, eg gir meg ikkje no -


…eg trur det vil bli nokre veldig innhaldsrike år framover,
I'm on a roll.



© Jorun Larsen











tirsdag 23. april 2013

Meir, meir, meir.



I går hadde eg meg ein dag med
bilderedigering. Omtrent ingenting anna
på tapetet. Veldig ok.


Eg fann fram ein del bilete, 
og føler sjølv at eg har gjort nokre riktige 
beskjæringar og justeringar på desse. 


Liker godt kontrastar i bileta mine. Som det over. 
Ei einsleg due - dei var stort sett fleire saman, 
og det var  m a n g e  duer i Nice - sat i dette vindauga,
vakker - omgitt av rust og slitt treverk. 
Den sat heilt i ro, kikka på meg når eg stoppa opp,
og lot meg gjera mitt.
Dei strame linjene i gitteret og treverket 
mot den hjarterunde forma til dua.
...need I say more...


Og kva med dei blå-grå fargane 
i treverket - mot det rustgule jernet? 
Elskar kontrastar!



*





Dette biletet er teke i ei av kyrkjene i gamlebyen - La Micéricorde. 
Me var på vandring utan mål og meining, og slumpa over denne.
For det første gjer slike utsmykkingar meg heilt paff. 
Her snakkar ein kunsthandverk.
Men så sit det nokre sjeler på benkane. 
I total stillhet - ein slik stillhet som vert
overveldande i eit så enormt og fantastisk bygg.


(Det er nok ikkje enormt i mange sin målestokk, men 
enormt nok til å romma uendeleg mykje stillhet og 
samstundes så enormt mykje bøn, rop om hjelp, tilbeding og trøyst)


Og desse menneska sit der, i lyset frå inngongsdøra. 
Eg veit ikkje kva dei ber om, men det var litt magisk.
Kanskje dei berre ser på kunsten, slik eg gjorde.


*















Så var det resten av gamlebyen. 
Den fargerike kroken av Nice,
både i arkitektur og innhald.


Veggane var kledd i gultonar 
og kle som hang til tørk i brisen. 


Gatene var fulle av 
nydelige små cafear,
lokale menneske på veg
til markedet for å gjera 
innkjøp til dagens middag,
turistar med kamera hengande
i beltet, rundt halsen eller 
over skuldera (moi!).


Ungdommar som levde livet til fulle 
med seriøse french kisses.
Eldre ektepar, hand i hand.


Alt svøpt inn i desse livlige, gledesspreiande
gultonane. Glade rop frå iskrembarane. 
Kyrkjeklokkene som ringte til halv og heil time
var som eit klyp i armen. Det var ikkje ein draum. 



*







Når ein kom ut av gamlebyen havna ein lett på
Promenade des Anglais, langs rekkverket for å berre
kikka utover havet. Middelhavet er ein fryd. 



*



Det er nok fleire med meg som tykkjer det, 
for stranda var full av badeløver, hundeeigarar,
born og tenåringar i vill leik, solslikkeberter og
eitt og anna kjærestepar her og.


Denne dama fanga mi merksemd, der ho sto
med si gule strandveske, og kikka utover havet. 
Ho stod slik ei god stund, 
eg veit ikkje om ho la seg til.





*


Og utsikten? Fantastisk frå alle kantar. 
Til alle døgnets tider.












*



© Jorun Larsen










mandag 22. april 2013

Je t'aime!





Der var eg attende frå Nice. Fine dagar
med godvêr, avslapping og nye inntrykk.


Aller mest inntrykk gav gamlebyen,
med kjøtt- og fiskemarknad, 
koselege restaurantar,
trange gater, 
nye dufter...


Eg fekk e kjensle av at heile Nice er ein parfymert by.
Liksom for å fjonga seg, visa seg fram til alle sansar.
Mat, krydder, blomar, menneske, middelhavet. 
Alle med si eiga lukt - nesten som dei konkurrerte om merksemd.


Promenade de anglais var ei gate full av liv. 
Sjå og bli sett. Eit treningsmekka for mange - 
born på sparkesyklar og rulleskøyter rasa forbi oss.
Samt joggarar, turistar, kule duds på rullebrett, laushundar
og ridande politi. Og oss. 



*



Her er nokre av bileta frå turen. 
Det vart mest turistbilete, 
men så skulle kjærleiken pleiast og,
og eg trur prioriteringane var rette.


Fleire bilete seinare!
















1. Bilete teke frå Chateau de Nice - mot Middelhavet
2. Stranda nedanføre Promenade des Anglais ein fin ettermiddag
3. Koooseleg cafe i gamlebyen
4. Trappeutsmykking i parkområde, Chateau de Nice og mine nye sandalar
5. Meg på piren framføre båthavna. Happy, happy!




© Jorun Larsen