tirsdag 23. april 2013

Meir, meir, meir.



I går hadde eg meg ein dag med
bilderedigering. Omtrent ingenting anna
på tapetet. Veldig ok.


Eg fann fram ein del bilete, 
og føler sjølv at eg har gjort nokre riktige 
beskjæringar og justeringar på desse. 


Liker godt kontrastar i bileta mine. Som det over. 
Ei einsleg due - dei var stort sett fleire saman, 
og det var  m a n g e  duer i Nice - sat i dette vindauga,
vakker - omgitt av rust og slitt treverk. 
Den sat heilt i ro, kikka på meg når eg stoppa opp,
og lot meg gjera mitt.
Dei strame linjene i gitteret og treverket 
mot den hjarterunde forma til dua.
...need I say more...


Og kva med dei blå-grå fargane 
i treverket - mot det rustgule jernet? 
Elskar kontrastar!



*





Dette biletet er teke i ei av kyrkjene i gamlebyen - La Micéricorde. 
Me var på vandring utan mål og meining, og slumpa over denne.
For det første gjer slike utsmykkingar meg heilt paff. 
Her snakkar ein kunsthandverk.
Men så sit det nokre sjeler på benkane. 
I total stillhet - ein slik stillhet som vert
overveldande i eit så enormt og fantastisk bygg.


(Det er nok ikkje enormt i mange sin målestokk, men 
enormt nok til å romma uendeleg mykje stillhet og 
samstundes så enormt mykje bøn, rop om hjelp, tilbeding og trøyst)


Og desse menneska sit der, i lyset frå inngongsdøra. 
Eg veit ikkje kva dei ber om, men det var litt magisk.
Kanskje dei berre ser på kunsten, slik eg gjorde.


*















Så var det resten av gamlebyen. 
Den fargerike kroken av Nice,
både i arkitektur og innhald.


Veggane var kledd i gultonar 
og kle som hang til tørk i brisen. 


Gatene var fulle av 
nydelige små cafear,
lokale menneske på veg
til markedet for å gjera 
innkjøp til dagens middag,
turistar med kamera hengande
i beltet, rundt halsen eller 
over skuldera (moi!).


Ungdommar som levde livet til fulle 
med seriøse french kisses.
Eldre ektepar, hand i hand.


Alt svøpt inn i desse livlige, gledesspreiande
gultonane. Glade rop frå iskrembarane. 
Kyrkjeklokkene som ringte til halv og heil time
var som eit klyp i armen. Det var ikkje ein draum. 



*







Når ein kom ut av gamlebyen havna ein lett på
Promenade des Anglais, langs rekkverket for å berre
kikka utover havet. Middelhavet er ein fryd. 



*



Det er nok fleire med meg som tykkjer det, 
for stranda var full av badeløver, hundeeigarar,
born og tenåringar i vill leik, solslikkeberter og
eitt og anna kjærestepar her og.


Denne dama fanga mi merksemd, der ho sto
med si gule strandveske, og kikka utover havet. 
Ho stod slik ei god stund, 
eg veit ikkje om ho la seg til.





*


Og utsikten? Fantastisk frå alle kantar. 
Til alle døgnets tider.












*



© Jorun Larsen










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar