torsdag 10. september 2015

Workshop - kreativitet og inspirasjon


Nye utfordringar er gull verd; noko som utfordrar, vil gjerne utvikla ein også.
Dermed beveger eg meg ut på tynnare is, og gjer noko eg ikkje har gjort før.
Eg har tidlegare hatt fleire kurs for born og unge frå barnehage til 18åringar,
noko som har vert både inspirerande og kjekt. I år har eg fått spørsmål frå fleire
om eg held kurs, noko eg er veldig takksam for og synest er stor stas!
Eg skal dermed halda workshop for vaksne, med fokus på kreativitet og inspirasjon. 


Eg har nytta mange metodar for dette sjølv, både som student, i mitt kunderelaterte
 og personlege arbeid, og det fins fleire metodar ein kan nytta for å få 
opp kreativiteten sin, sjå kvardagslege saker med nye auge, og verta inspirert.
Då eg jobbar veldig mykje tverrfagleg har eg lært meg at metodane
mine fungerer tverrfagleg dei òg. 


Workshopen vil føregå i Rosendal, 6.-8.november. Me startar opp fredag ettermiddag,
og avsluttar til lunsj søndagen. Minimum antall deltakarar er fem, maks tolv.
Prisen blir 2000,- per deltakar, då er lunsj og middag inkludert. Eventuell overnatting kjem i tillegg.
For meir informasjon, eller om ein vil melda seg på, ta kontakt på epost!
post@hildringdesign.no





© Jorun Larsen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar