Viser innlegg med etiketten kreativitet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kreativitet. Vis alle innlegg

tirsdag 2. februar 2016

Among Colors


På seinhausten var eg ute i skogen og leikte
med desse fine folka i bandet Among Colors.
Med eit levitasjonsbilde som referanse for shooten,
drassa eg med meg gardintrapp og stativ
ut i ein fin skog ved "stripo" på Husnes.
Sporty musikarar stilte opp på påfunna mine,
gjorde villig som dei fekk beskjed om, 
og passa på å holda humøret oppe. 
Gosj, eg lo og lo.

Definitivt ein super gjeng, eg vart litt glad i dei alle.
Forøvrig er musikken deira også til å bli glad i.
Eg spår dei ei suksessfull framtid,
og ønsker dei lukke til på "100 dagar" på Stord
no på laurdag. Eg kjem om eg har sjansen, heia, heia!












Sjekk ut heile EPen deira Branches på din favoritt streamer,
Spotify, iTunes... Enjoy!








© Jorun Larsen / Among Colors







fredag 29. januar 2016

Fotoworkshop - kreativitet og inspirasjon (vol2)



Eg køyrer i gong med ny fotoworkshop i april.
Påmelding: post@hildringdesign.no

Maks antall deltakarar: 8stk
Pris: 2500,-
- for workshop, 2x lunsj og middag.


BETALING
Faktura vert sendt per epost, og må betalast seinast 7dagar innan kurset startar. Er det ikkje betalt til dess, fell reservasjonen vekk, og plassen kan bli tildelt nokon andre. Dersom ein må avlysa ved sjukdom eller anna, får ein pengane attende. Ved spørsmål er det berre å ta kontakt på telefon eller epost; post@hildringdesign.no   //   91 39 85 12



PRAKTISK

Ta med kamera! Minnepenn, pc, usb-kabel, batteriladar, stativ, blitz og anna kan vera aktuelt å ha med. Til redigeringsøkta søndag kjem eg til å redigera bilde i Photoshop. Det fins gratis bilderedigeringsprogram på internett for dei som ikkje har Photoshop, og som berre er interessert i enkel redigering i farge, kontrast, lys o.l.

Workshopen passar for deg som veit ein del om korleis kameraet ditt fungerer,
men som ønsker å læra nokre metodar til å finna inspirasjon i det daglege til
fotograferinga di, og som er interessert i kreativ fotografering og redigering.


Workshopen vil føregå i Rosendal, 8.-10.april. Me startar opp fredag ettermiddag kl 18.00,
og avsluttar til lunsj søndagen, omlag 14.00. Eventuell overnatting kjem i tillegg.
For spørsmål eller påmelding, ta kontakt! 


Håpar me sjåast!




© Jorun Larsen




torsdag 10. september 2015

Workshop - kreativitet og inspirasjon


Nye utfordringar er gull verd; noko som utfordrar, vil gjerne utvikla ein også.
Dermed beveger eg meg ut på tynnare is, og gjer noko eg ikkje har gjort før.
Eg har tidlegare hatt fleire kurs for born og unge frå barnehage til 18åringar,
noko som har vert både inspirerande og kjekt. I år har eg fått spørsmål frå fleire
om eg held kurs, noko eg er veldig takksam for og synest er stor stas!
Eg skal dermed halda workshop for vaksne, med fokus på kreativitet og inspirasjon. 


Eg har nytta mange metodar for dette sjølv, både som student, i mitt kunderelaterte
 og personlege arbeid, og det fins fleire metodar ein kan nytta for å få 
opp kreativiteten sin, sjå kvardagslege saker med nye auge, og verta inspirert.
Då eg jobbar veldig mykje tverrfagleg har eg lært meg at metodane
mine fungerer tverrfagleg dei òg. 


Workshopen vil føregå i Rosendal, 6.-8.november. Me startar opp fredag ettermiddag,
og avsluttar til lunsj søndagen. Minimum antall deltakarar er fem, maks tolv.
Prisen blir 2000,- per deltakar, då er lunsj og middag inkludert. Eventuell overnatting kjem i tillegg.
For meir informasjon, eller om ein vil melda seg på, ta kontakt på epost!
post@hildringdesign.no





© Jorun Larsen