fredag 18. september 2015

Bondebryllup i Skare



Eg vart veldig spent når eg fekk spørsmål om å fotografera i dette bryllupet. 
"Det er bondebryllup, så det blir bunad, felespelar, hest og kjerre."
Hurra! Fantastisk! Og der i frå gleda eg meg veldig.


Bryllupet stod i den vakre gamle kyrkja i Skare, Odda,
ein heilt perfekt setting for vigsel og hopen av bunadskledde menneske.
Eg var til stades før vigsla for å ta dei tradisjonelle bileta i forkant.
Bruda i flott bunad og krune, for høvet leigd frå museum i Utne!
Maaange år med historie og tradisjon, nydelege detaljar og veldig staseleg.


Etter fleire bilete, ein dans bak kyrkja og nokre små sprell frå Petra,
brudeparets 1åring, trekte brudeparet seg tilbake medan gjestene strøyma på.
Deretter gjekk det slag i slag. Felespelaren spelte brud og far inn kyrkjegolvet,
det var tårer, latter, ringane vart så godt som plassert,
dei sa sine ja og alle hjarter gledde seg. 


Vidare vart gjengen samla av ein smilande og høgrøysta toastmaster,
også han i staseleg bunad - sjølvsagt - og eg sto igjen på ei vaklande og høg 
gardintrapp for å få med heile hopen av flotte gjester framføre den nydelege kyrkja.
Samstundes sto hesten og venta med kusk og kjerre, for å frakta hovudpersonane
opp til festlokale for å feira dagen vidare utan meg i hælane. 
Med felespelaren bakpå kjerra, spelte han heile følgjet opp vegen,
og dei forsvann til slutt ut av syne. Vakkert! 




















......











.....













© Jorun Larsen, 2015











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar