mandag 23. november 2015

Julekortfotografering

Frå fjorårets julefotografering!


Langt mellom blogginnlegg om dagen! 
Har hatt den travlaste hausten noko sinne trur eg,
noko som lovar godt! Men eg skal roa litt ned,
og iallfall prøva å spreia mine oppgåver litt meir framover.


Det neste som står for døra er julekortfotografering. 
Laurdag 28.november har eg drop-in minisessions i 
studio i Skålagato frå klokka 10-16
Eg går for tradisjonell jul i studiooppsettet mitt,
håpar det vil falla i smak!


Då er det Jul i Rosendal, eit fantastisk høve å handla litt unike julegåver
og komma i julestemning til adventstida!


Omlag 15minutt fotografering skal resultera i to ulike filer
- i farge og svart/kvitt - til årets julekort.
Prisen er 450,- 


Bildene vert sendt på epost i løpet av veka etter, 
så ein skal ha god tid til å ordna med årets julekort!


Eg tilbyr også print av enkle julekort i år, 
til dei som er interessert i å bestilla frå meg.
10x15 cm på fint fotopapir, 15,- pr stk.


*

Elles vert det sal av årets fotoplakatar og gåvekort på fotografering.
Ein kan betala alt med både kort og kontant!


*


Vel møtt!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar