fredag 2. januar 2015

Godt nyttår!



Nytt år, ny plan. Som kvar anna nyttårsafta
hadde eg med kamera, men nytta det svært lite.
Hadde det med meg i neven når klokka bikka tolv,
og fotograferte nokre av dei flotte fyrverkeriene både 
me og naboane skøyt opp. Når nyåret kjem er det ikkje 
stativ og dei megaskarpe bileta som gjeld,
det er familien, å setja pris på det som har vore,
gle seg til det som kjem, drikka litt champagne,
vera i nuet. Med karamellpudding greitt planta
øvst i magesekken, hadde eg ein fenomenal 
start på det nye året. Gler meg til å fylla det 
med kreativitet og utforsking. 










© Jorun Larsen









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar