Phew! Nytt år, litt meir luft i kalenderen!
Gler meg til å byrja på kvardagen i morgon,
sjølv om det inneber både mva oppgåve, skatt og nye
permar og almanakkar og idebøker. Vel, sistnemnde er
i grunn noko eg elskar ; skissebøker med heilt kvite ark,
klare til å bli fylde med skisser, idear, tankekart, typografi,
fargeprøvar, tankar, datoar, huskelister, stempel, notes to self....
Ein av dei næraste dagane må eg nok handla inn litt av det nye
som skal pryda (eller rota til) arbeidsområde mitt i 2015.
Men med meir luft i kalenderen har eg også tid til fleire tilbakeblikk.
Den veka eg fotograferte denne herlege familien var det nydeleg haustvêr,
og eg hadde veka full i flotte fotograferingar. Denne vart gjort i baronihagen i
Rosendal, ei nydeleg ettermiddagssol som glimta til gjennom greinene som
framleis hadde att det meste av lauvet. Det var ei herleg veke,
ein nydeleg dag, og ein flott familie!
Gler meg til maaange nye utefotograferingar i år,
© Jorun Larsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar