Sjølv om eg hadde sprelske planar for dette paret,
kunne dei trekka pusten letta då eg foreslo å gjera fotograferinga
der vigselen hadde skjedd - nemleg i hagen ved tinghuset på Leirvik.
Som to solstråler kom dei gåande ut etter dei hadde signert papirene,
og då eg kom med forslaget mitt, smilte dei om mogleg enno meir.
Desse nytta seg av den minste av bryllupspakkane mine,
med fotografering etter vigsla av brudeparet og forlovarar,
samt evt familiebilde. Hagen ved tinghuset baud på alt frå
buskar å gøyma seg i, til søt blomstereng.
Ekteparet var smellande flott, nett som dagen dei gifta seg på!
Hjarteleg til lukke, Ida og Kjartan!
© Jorun Larsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar