torsdag 26. juni 2014

Forever; Ingeborg & Asbjørn




Åkrafjorden er heilt fantastisk fin, og inst i den var eg så heldig å få fotografera
bryllupet til Ingeborg og Asbjørn. Fjæra kapell ligg heilt nydeleg til like forbi Rullestad,
der fann vigsla stad. Ei rørande vigsle både for meg og for alle andre som var tilstades.
Kyrkja var fylt til randen med slekt og vener av paret, og eg er takksam for at eg fekk
vera med å observera denne omsorgen som låg tjukt og tydeleg utanpå alle som var der.
Tydeleg ein familie som har mykje kjærleik og omsorg å gje.


Sjølve brudeparfotograferinga tok me på den gamle postvegen oppfor Rullestad. 
Også der var det heilt vanvittig flott, med elva som rann
 under gamle bruer, fjell og skogar like ved. 
Ein flott dag å få vera floge på veggen.
Her er nokre av bildene frå dagen.




























©Jorun Larsen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar