mandag 5. mai 2014

Reisebrev frå Kristiansund. vol1


No er eg på plass på Nordic Light-førebuingar i Kristiansund.
Enn så lenge veldig bra ver, som blir nytt til fulle - her på Bachebar,
saman med Astrid Gjerde frå Haugaland fotoklubb. Ho er fotografen av biletet over.

Ein lang dag med montering av dei 170 årbokbileta til NSFF er enno ikkje over,
no har eg berre timeout ei stund, før me skal byrja å dandera bileta og veggane
dei skal henga på. Ein grei jobb som gjenstår altså, før festivalen startar
i morgon ettermiddag.

Ein av dei tinga som er ekstra kjekt i dag, er at mitt bilde av 
Ellinor og Gaute er med i årboka - og dermed også utstillinga,
her er det i svartkvitt - og jaggu på ei heilside også! Yay!

Elles bur eg på eit kjempetriveleg hotell heilt sentralt,
med fint morgonlys og med koselege og imøtekommande tilsette. 
Eg ser Hurtigruta frå rommet når ho kjem og fer,
eg har ein vannkokar som akkurat tar nok vatn til to koppar te,
og i veska har eg ei lita flaske Tariquet til kveldskosen.

 Ja, og utsynet elles er jo finfint. Eg kjem til å oppsøka havet,
anten i dag eller ein anna dag. Lengtar og gler meg.
Men først litt meir utstillingsarbeid med kjekke folk.

 



1 kommentar:

  1. Herlig å se du trives, og deler gleden !

    :) Halvor / i Poole, Enland.

    SvarSlett