Yay, no har eg fått eitt av bileta mine med
i fotosamfunnet 1X sitt fotogalleri.
1X er eitt av dei store internasjonale fotosamfunna,
der eg har hatt profil ei stund. No etter eg starta mitt
fotoprosjekt kjenner eg at stilen min er i utvikling,
og då er det ekstra kjekt å få eitt av dei bileta eg likar
så godt til å bli ein del av galleriet.
Målet med 1Xgalleriet er å visa breidde i
kva som rører seg i fotoverda til ei kvar tid.
The curators decide which photos to publish in the gallery
depending on its idea, mood and technical quality.
The curators mainly look for originality and variety in the gallery.
For min del tyder dette at biletet mitt, og igrunn fleire av dei eg har på
1Xprofilen min har fått ein del merksemd, noko som igjen gir meg
eit piff av tillit til at det eg gjer også blir verdsett av andre.
All den tid eg skapar bilete for min eigen del, er det supert at
mine uttrykk når ut til andre, og kanskje rører noko i dei som ser.
Stor stas!
© Jorun Larsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar