onsdag 7. mai 2014

Reisebrev frå Kristiansund - Vol. 2

Festivalen er godt i gong, og eg har hatt tårer i augo 
meir enn ein gong allereie. 
For det første er det så INDERLEG mange flotte og flinke 
menneske her - som uttrykker seg på fantastisk vis med fotografi.
Det finaste fotografiet eg nokon gong har sett i heile mitt liv
- det såg eg i går. Cooper og Gorfer har nokre usannsyleng flotte
og mektige bilete hengande i eit meditativt lokale. 
Det eine slo meg heilt i bakken, og eg kunne blitt ståande i timar.
Som Morten Krogvold seier så fint. "Come back and GLAZE"
Ok, Morten, eg tar deg på ordet.


Møtet med det biletet var i går.
I dag har eg slått av ein liten prat med RAX - Ragnar Axelsson frå Island.
Han tar heilt fantastiske fotografi av eit folkeslag som stadig får verda si 
krympa. Snart er  det kanskje ikkje arbeid til dei - mellom anna på grunn av oss
europearar og asiatar som forureinar og gjer at dyrelivet på Grønland døyr ut.
 Klump i magen.

Etter vår vetle prat, - og før føredraget hans - var det klart for morgonfilm.
Større klump i magen. Ein estetsik nydeleg film
om korleis jorda og vårt økosystem er bygd opp. 
Symbiosen mellom natur, dyr, sol, det magiske faktum at 
jorda er akkurat passe plassert frå sola, slik at me kan 
nytta av dens energi, og faktisk leva her. 
Og på korleis me øydelegg for naturens gong. 
Jeez, det var ein heil munnfull kvart over åtte på kvisten
- sjølv for ein noko umaterialistisk miljøvenleg frøken.

MEN
Det som verkeleg tok pusten frå meg i dag var Platon.
Med sine bilete og historier bak kvart og eitt av dei.
Korleis han kom under huda på Putin med å prata Beatles.
Korleis han omgås dei han fotograferer, korleis han viser
at folk er folk. Power or not. Korleis han la fram si historie -
heilt fantastisk. 

Han går rundt i byen her og smiler heile tida, fytti for ein 
karismatisk type! Eg vart heilt shaky og tårevåt av føredraget hans,
og skalv meg hurtig bort på festivalkontoret etterpå
for å kjøpa boka hans, som han signerte.

For Jorun!
Big love from your fan
Platon 14

Snakk om sjarmør!

No har eg hatt meg ein liten prosecco,
og snart klar for resten av showet i dag.
For ei oppleving. Nordic Light 2014, dette er livet.


 
Damer på utstilling - House of Africa

Jenter på utstilling - Platon

Cooper og Gorfer sine bilete er magiske og majestetiske, eg skal bort og stirra seinare. Wow!

Finaste kinoen i Kristiansund, mintgrønn og deilig!

Trøtt men psyked etter morgonfilm. I choose nature!

Interiørbutikken viser nytt og gamalt. Liker kombinasjonen!

Tom Jarane frå Bekkalokket i Bergen har ein portfolio med Roald Synnevåg og posters som rullar i utstillingslokalet til NSFF. Tommel opp for ide og gjennomføring! (og for gardiner)



Big love from your fan <3 Platon

Hurtigruta må jo med.

Nevnte eg kinoen? - Sei mintgrønn. - Mintgrønn. - Du e skjønn.


Nordic Light 2014. The place to be.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar