mandag 12. mai 2014

Bryllup i mai





No er bryllupssesongen offisielt i gong for min del.
Første helga i mai hadde eg den første bryllupsfotograferinga
for 2014, og no gler eg meg desto meir til dei neste.


Det er kanskje ikkje alle som er like sporty som desse,
men eg måtte jo finna på litt spjøyn når dei først var villige 
til å gjera litt utradisjonelle greier. 





Når eg traff min utkårede, sa eg til han at han var min klippe.
Det er han enno, og han let meg sveva avgårde på både rosa
og mørke skyer frå tid til anna, eg er vel ein evig drøymar
som likar å mista fotfeste med jamne mellomrom.


Med eit slikt syn på kjærleiken, fann eg ut at her skulle bruda mista
fotfeste, og sveva inn i framtida med sin timesferske ektemann.
Når eg registrerte kor inderleg forelska dei var på dagen, måtte eg
sjølvsagt tørka augekroken for våte perler.




Like eins då eg gjekk gjennom bileta i etterkant,
 og som eg stort sett har det då eg ser over bilete eg har teke,
klarte eg ikkje gå ifrå bileta før dei var fiks ferdige og utvalet var gjort.
Forelska par er heilt nydelege - desse to intet unnateke!

































© Jorun Larsen 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar