torsdag 9. mai 2013

Åkrafjorden














*


Nokre glimt frå min herlege tur i Åkrafjorden.
Eller PÅ Åkrafjorden, for å vera korrekt.


Eg hadde med meg Trygve Øvstebø i Smiedal Gardsferie 
som allvitande guide - full i historier og idear, fleire lass
 med fjellerfaring og spanande prosjekt på gong. 
Og Ståle Sundfjord i Wilderness Norway
stilte generøst og tålmodig opp med kajakkar, 
utstyr,  pølser, berolegande ord og store padleskills.


Eg vart invitert inn for å skriva om deira gryande 
samarbeid, Wilderness Norway og Smiedal Gardsferie.
Noko som resulterte i ein veldig innhaldsrik og kjekk dag. 
Eg fekk smaken på både padling og på Åkrafjorden.


Og kanskje aller mest på folka som bur der.
Stiller opp. Har gooood tid. Gjer det meste
utav både dagar, netter, kvarandre, naturen


- og dei deler dette livet så lett med andre (som meg).


F O R  ein dag. Dette er jobben min. 
Det er amazing.




*



© Jorun Larsen





2 kommentarer:

  1. Som vanlig, veldig flotte bilder. Liker sort/hvit-konverteringen.

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg likte det og best i svart og kvitt, men med litt ekstra piff i blåfargen, gjorde dei seg i farge og.

    SvarSlett