torsdag 23. mai 2013

Bryllupsfotografering - planleggingsfase




Det nærar seg min første bryllupsfotografering for året,
og i dag har eg samla litt inspirasjon frå nokre av 
mine favoritt bryllupsfotografar,
Sistnemnde har eg nettopp oppdaga,
og stilen hans er heilt unik.
Peterson har eg kjent til ganske lenge,
og kvar gong eg kikkar inn på sida hans
vert eg blåst av banen - 
han fangar verkeleg augneblinka,
og gjer minna til ein draum.


Elles tenkjer eg sjølvsagt på mitt eige 
bryllup, snart sju år sidan no.
Eg hugsar enno kor kjekt me hadde det,
og sjølv om me ikkje hadde noko fotograf,
hadde gjestene det kjekt når me gav dei kamera
for å ta bilete av oss. 


Location og alt var sjølvsagt organisert av oss,
og med sjø, skog og ein forunderleg fin steinpark,
hadde me dei rette kulissane for våre bilete.
Mange av dei var i tillegg steike fine!








No ventar eg berre på eit nytt stort minnekort,
slik at eg kan senka skuldrene for den biten iallfall.
Som sist bryllup eg fotograferte i, skal eg ha med pc
som avlastning. Håpar på ei litt roleg stund etter 
bryllupsbiletetakinga, og sjølve festen, 
so kan eg legga over dei heilt sikkert smekkfulle
minnekorta på pcen og byrja med blanke kort igjen. 


Eg er spent. 


Går ut i frå at brudeparet er meir spent enn meg.
Og at spenninga slepp taket då dei seier ja,
og gir kvarandre det første kysset som ektepar.
Og at fotograferinga deretter vert ein leik, 
fordi det er deira beste dag i heile livet,
og eg får lov å vera med å skapa minna deira.
...for ein tillitserklæring... Eg dånar.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar