nærare bestemt Nice. Eg hadde lova meg litt 
reising til 30års-året mitt, og då høvde det fint
å finna ein billigtur som eg kunne hoppa på. 
Alt klaffa. Perfekt.
Og det FØR eg fyller år. Jøsses.
Eg veit ikkje heilt kva som eigentleg dreg i meg
når det gjeld reiser. Har ikkje reist så mykje til no
i livet, men historie har lenge fascinert meg.
Eg trur det er difor. Og for å læra andre
kulturar å kjenna. 
I mitt arbeid som frilanjournalist har eg moglegheita til
å treffa all slags menneske, med all slags historier å fortelja.
Eg merkar at menneska gjer inntrykk på meg.
Mange av historiane er så fjernt frå mi eiga historie, og det eg kjenner til.
Litt sprøtt at det er så store skilnadar. 
*
Ei heilt anna historie vart fortalt når eg reiste til Beograd i Serbia sist sommar. 
Eit bryllup skulle dokumenterast. Supergøy (og veldig varmt)!
Eg måtte også knipsa litt frå Serbia. Eit land som i mine auge
var fullt av kontrastar. Bygg som var bomba i hel av så presise bomber at
berre halvparten av bygget stod i gjen. 
Fattige i utkanten av byen, dei rike meska seg i den indre sirkel.
Og nokre av dei finaste stadene fekk me oppleva gjennom vielsen.
Sjølve ja'et kom i den norske ambassanden. 
Eit praktfullt bygg med søyler og stor planterikdom i hagen.
Kalemegdan - festningen der bryllupsbileta vart tatt. 
Med utsikt over samlingspunktet til elvene Donau og Sava.
Festningen er over 2000 år.
Og våre små utflukter - gøymte restaurantar med dei vakraste kulissane
og gestene. Ein av restaurantane hadde faktisk kulissar, bygd opp mellom
motorvegar, i ei isolert dump. Med chapagne og mote-tv på toalettet. 
I tillegg til handkremar og andre hygieneartiklar. Roseblad i vasken og 
ei statue av ein halvnaken mannskropp.
*
|  | 
| Serbisk landskap | 
|  | 
| Arkitektorisk dekor | 
|  | 
| Velkommen inn?? | 
|  | 
| Inne! | 
|  | 
| Ein benk i Kalemegdanparken | 
|  | 
| Sigarskap i ein av dei innhaldsrike butikkane | 
|  | 
| Gateseljarar og graffiti - ein stor del av handlegata | 
|  | 
| Ein av ambassadane hadde denne entreen | 
|  | 
| Kulissar å forelska seg i. Bakom denne flotte kulissen var det ein lydisolerande vegg rett mot motorvegen. | 
|  | 
| Arkitektur i arkitektur | 
|  | 
| Ein av grunnane til at eg har vore i Beograd. Her i presidentsuiten på hotellet. | 
|  | 
| Vakkert på den norske ambassaden i Beograd | 
|  | 
| Fotografering ved den 2000 år gamle festningen Kalemegdan. Å gid de lenge, lenge leve må! | 
*
No gler eg meg veldig til å reisa til Nice. Spent på kva som kjem til å forbløffa meg der. 
*
© Jorun Larsen
 

 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar