fredag 12. april 2013

Eit nytt kapittel. Ein ny blogg.


På tide å blogga litt igjen. 
Eg kjem til å ha eit lenger opphald i studiane enn eg først tenkte, 
på grunn av eit jobbtilbod. Kan ikkje la slikt sleppa unna, tenker eg.


Men all studentblogging har fått meg inn på eit spor 
som eg likte. Å dela glimt frå min kvardag med andre.
Og aller mest med meg sjølv. 
Ei visuell dagbok har vel aldri skada nokon.
Men litt rastlaus er eg på sosiale medie. Instagram, facebook, epla.. 
Er vel på tide å roa seg litt ned etterkvart. 


...sa ho og oppretta ein ny blogg....



Furua i hagen tar mål på fullmånen. Kor stor er månen?? -Såå stor!


Noko av det som har opptatt meg den siste tida
er vårens deltaking i NM i foto. 
Kvinnherad fotoklubb er temmeleg aktive i år, storvegs. 
Eg anar fleire med-medlemmar på poenglistene!



*



Eg får eit anna syn på mine eigne fotografi når eg legg dei fram
slik at alle kan sjå, og vurdera - ikkje minst.
For eitt år sidan var eg i Bergen på landstreff, og 
til mi store glede fekk eg andreplass 
med eit av mine svartkvittbilete.
Nokon vil sei eg har fått blod på tann. Men sanninga er at eg likar utfordringa.
Eg er med for å utfordra meg sjølv. Bli betre.


Monokrome bilete er ein større og større lidenskap hos meg.
For meg står det for det som er tidlaust, klassisk, kontrastfullt...
og motiva kjem betre fram. 


Dessutan tykkjer eg det er så flott når formene får gjera jobben, 
stikka seg ut og berre vera vakre.
Der er svartkvittfotografiet i særklasse.






Her er nokre av bidraga eg har sendt frå meg til konkurransen i år.
Biletet over her tok eg med mobilen på ein flyplass i Serbia sist sommar. 
Eg liker at skuggane speler sjåaren eit puss - korleis er dette lokale eigentleg? 
Romkjensla er noko ein må leita etter i spegelbileta av lampane. 
Skuggane og perspektivet. Dette bilete heitte Menu. 
Eg likar det.


*


Det under her er frå Gamle Bergen. Ein fantastisk flott plass
dersom ein er nyfiken på historie,
har ein kjærleik for gamle, rustikke ting, 
ynskjer å roa ned og ta eit skritt attende til gamledagar. 


Biletet tok eg i eit hus der det budde ein familie 
- altså levande skodespel på staden.
Bestemor gyngar i stolen sin.
Dermed vert ho uklar. Og dette er svunne tider. 
Det er nesten så eg undrar sjølv 
- er ho eigentleg der? 


Bilete er litt sårt. Men eg tykker det fortel ei fin historie. 
Ei historie som treng å bli fortalt, slik at me kan minnast dei som skal minnast.






Og dette siste biletet er eg forundra over sjølv.
På ei førestilling med mange talentfulle, unge utøvarar fekk eg fanga denne augneblinken. 
Jenta dansar, med ein tenårings lidenskap og draumar omlag utpå kroppen. 


Eg kjenner meg nesten som ein tjuv som tok denne augneblinken. 
Minnar meg om mine uredde og uovervinnelege tenåringsår. 
Og då tenker eg som so at det ikkje er denne dansarens lidenskapelege augneblink eg har fanga. 
Det er heller ein liten hyllest til tenåringane sitt møte med verda. 
Dei grip tak, og slepp ikkje før dei er mette. 
(Eller før dei blir peisa inn i samfunnet sine rammer, med plikter, normer,
og gud forby - jantelov)


Måtte me aldri slutta å følga lidenskapen vår. Og la oss aldri bli mette.







1. Såå stor - bilete av furua som tek mål av månen
2. Menu - mobilbilete frå restaurant på flyplass i Serbia
3. Spegelbilete - frå Gamle Bergen
4. Youth - la oss aldri bli mette




© Jorun Larsen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar