Viser innlegg med etiketten oppskrift. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppskrift. Vis alle innlegg

torsdag 6. juni 2013

Rabarbrasnaps



No er eg i full gong med å arbeida fram bilete frå bryllupet. 
Men eg er enno oppteken med ein deadline til sommarmagasinet 
 avisa Kvinnheringen gir ut no i juni. Det er prioriteringar
over ei låg fjøl her no. Og som eg tidlegare har nemnd, 
er eg ein av dei som aller helst gjer alt mogleg anna enn det eg MÅ
når eg MÅ noko. Klesvask, vatna blomar, gå tur....



....eller laga alt mogleg av rabarbra, og vera barnevakt for ein
løvetannvin som skal rørast i og silast. Elskar dei små avbrekka!







No når eg  n e s t e n  er ferdig med magasinet, 
byrjar eg å kjenna at eg treng litt åleinetid, 
borte frå macen. Langt borte.



Og når eg har fleire hundre bilete å gå gjennom, 
og gjera siste finish på, ja då knipsar eg og redigerer
bilete av rabarbraprosjekta mine.
(skal ikkje nemna kjøkkenhagen som stadig veks utanføre...)



Her kjem dei - som eit pauseinnslag
i min elles travle kvardag.








Oppskrift:

600g rabarbra i bitar
300g sukker
ei handfull jordbær
ein liten neve anisfrø
vodka (og eventuelt litt gin)

Del rabarbraen og jordbæra i bitar, og putt alle ingrediensane i eit lufttett glas.
Eg har nytta eit fint som eg har snopt på Ikea.
Fyll opp med vodka, og set mørkt i minimum seks månadar.
Eg hadde oppi ein god skvett gin også, og håpar å kunna 
konkurrera med aquevitten til jul, med ein litt meir frøkenvenleg snaps. 
At den får ein fin rosafarge er jo berre ein bonus! 
Ser at nokon nyttar sterk rom i denne, så her er det nok 
mange gode variasjonar ute og går...

Obs! Hugs å venda på glaset innimellom, 
slik at ingrediensane verkeleg får blanda seg.








Eg trur at når neste veke kjem, då tar eg litt fri.
Eg har jo trass alt ei bok eg må lesa snart. Snarast.
Politi av Jo Nesbø. DEN har eg venta lenge på!




© Jorun Larsen






fredag 31. mai 2013

Når ein har mykje å gjera...




...får ein jaggu gjort mykje anna óg.
I dag har eg hatt hendene fulle av oppdrag. 
Biletet over er frå kjellaren til Torkjell Nerhus
i Rosendal. Eg skriv ei sak om Rosendal Putballpark
til sommarmagasinet til Kvinnheringen. 
Dei tilbyr også servering, og gjerne
med live jazzjam som underhaldning. 
Kor fantastisk er ikkje det? 




Eg har i dag hatt kjekke møte med kjekke folk, 
ein del fotografering, ein del redigering,
ein del skriving.


*


Ja, og matlaging. 
Held på med nokre oppskrifter,
og kjenner det kriblar litt når eg skal finna
på styling og oppdekke. Kulissar. Rekvisittar.
Det er ein rein bonus å få laga maten, og eta den i tillegg.
Sjølvgjort ER velgjort.








Og når eg har drege maten rundt i heile huset,
eller rundt på tunet, eller lenger vekk på tur,
då er det tid for litt redigering. 
I dag tok det litt av. 
Som ein kan sjå på biletet under her.
Men eg tykkjer det vart friskt.
Litt nytt for min del.
Kanskje litt over the top, 
men nett no likar eg det iallfall.





No må kamera ladast, utstyr leggast fram
kle hengast opp, eg må vaskast. Neglene må lakkast.
 Og eg må sova.
I morgon er det bryllupsfoto. 
Happy day!




*



© Jorun Larsen