torsdag 14. april 2016

Størst av alt er kjærleiken



Det var ei stor glede å lesa at eit stort fleirtal stemte for ein ny liturgi 
og opna opp for bryllup mellom hjartevarme og elskande menneske i kyrkja,
der heile 88 av 115 gav eit samstemt og rungande 

JA!

Det historiske vedtaket er datert 11.april 2016.
13.april 2016 kunne ein lesa i Kvinnheringen at det ikkje vert snudd på hælen
i Kvinnherad. Her er det ikkje ein einaste prest som kjem til å via likekjønna.


Dei får meina det dei vil. 
Eg meiner noko eg òg.


*


Og det er at alle - uansett kjønn, uansett legning, 
er menneske med evna til å elska. Djupt og inderleg.
At alle skal få elska den dei vil,
og få lova å elska og æra kvarandre
- også i kyrkja.


*


"Å leva saman
er å leva i tillit og kjærleik,
dela gleder og sorger
og trufat stå attmed kvarandre livet ut."



*


Eg trur på menneske, det forunderlege og vakre,
som lever på jorda og drøymer om himmelen.
Som alle vert fødd og som døyr når tida er komen.

Eg trur at alle menneske er fylt med den same magiske sjela.
Fødd av våre mødre, som igjen er fødd av sine mødre.
Og at eit par med mødre, eller eit par med fedre
kan gi like mykje kjærleik til sine eine- eller fleireborne søner og døtre.

Kven har rett til å døma,
når vi alle er støypt i same forma?
Kjøt og blod, sjel og hjartevarme.

Eg trur på rettferd og likeverd.
På eit samfunn der desse verdiane er berebjelkane.
Og at me kan leva slik, side om side,
og elska kven me vil til døden skil oss ad.

Ayeah.





Skjermbilde frå artikkel i Kvinnheringen 13.04.16


Prestane våre håpa at folk ikkje ville melda seg ut sjølv om dei er konservative.
Vel, eg er på ingen måte støttemedlem lenger.
Størst av alt er kjærleiken!



Takk til mine skjønne modellar.
Som er vakre menneske med evna til å elska.




© Jorun Larsen











2 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder! Viktig tema og trist at så mange prestar i Kvinnherad har moglegheiten til å laga omvegar for dei som ynskjer å feira kjærleiken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takkar! Ja, eg forstår problemstillinga deira, men kjærleik har eksistert sidan tidenes morgon og i mine auge er det ikkje snakk om å følgja endringane i samfunnet i dette høve, men å godta alle former kjærleiken kjem i, og likestilla desse!

      Slett