mandag 7. mars 2016

Kvinnedagen




Onsdag 2.mars la eg ut ein søknad på facebook etter 
ekte kvinner i alle aldrar og fasongar, der modige, flotte, 
naturlege, tøffe, sarte, venlege, høge og lave kvinner 
over 18 år vart invitert til å vera med.


Ideen om prosjektet kom faktisk same dagen, 
og då Diana Ousdal straks sa ja til å vera med,
kjørte me på med vårt smukke kreative samarbeid.
Ideen var å ta to bilde, eit naturleg, og eit med styling.


Allereie få timar etter søknaden var lagt ut,
hadde me fått fleire påmeldingar, og to dagar etter 
måtte me faktisk setta ein stoppar for fleire. 
Noko av søknadsteksten gjekk slik;

 "Me vil visa at du er vakker både med og utan sminke. DU er vakker som DEG. 
Ved å delta er du med på å setja fokus på dette. Ein er meir enn god nok. 
Me vil visa at idealkroppen er den kroppen som ein er fødd med, og som ein lever i. 
Den som er med på våre opp- og nedturar, livet igjennom. 

DU har ein idealkropp. Fordi du har ein kropp."


Deretter var det klart for å bretta opp armane
og ta i mot desse vakre kvinnene. Dei var så inderleg
 opne, modige, herlege, sprudlande og flotte.
Det var like mange grunnar til at dei meldte seg på,
som det var personar innom.


Mellom anna det å føla seg fin og feminin.
Å bevisa for seg sjølv at ein er flott som ein er.
Fleire ville utfordra seg sjølv, og fleire ønskte større fokus
på det som er ekte - slik at våre born, våre døtre, 
kan sjå at dei også er plenty gode nok som dei er.
Altså vera gode rollemodellar. 
Spiseforstyrrelse, dårleg sjølvbilete, og det
å våga seg utanføre komfortsonen var andre grunnar. 
Temmeleg sterkt å høyra historiene til dei som var innom.
Det var også spesielt å registrera at alle vart meir
sikre i seg sjølv med sminke og oppsett hår. 


Bakgrunnen for ideen med dette prosjektet er 
at ein framleis stort sett dagleg får presentert bilde av kvinner
som er modellar, som gjerne blir retusjerte... og på sosiale medie legg
me berre ut den selfien som vart best etter tjue forsøk.
Dersom ein ikkje ser ut som ein sjølv ønskar,
kan ein - som eg sa til lokalavisa Grenda, - bli lei seg.
Men ein skal ikkje vera trist for utsjånaden sin. Den kroppen me har
skal me faktisk setta pris på, vera glad i, bry oss om, og vera stolt av.


Til saman var me åtte kvinner. Heilt normale. 
Og fy søren så flotte.


*


Gratulerer med dagen kvinne. 
Jøss, DU er vakker!


*


Siv
Marie Louise
Jorun
Ingrid
Heidi
Diana
Anne Lise
Anita






© Jorun Larsen








1 kommentar: