onsdag 25. november 2015

NM, haust 2015




For nokre veker sidan kom resultatene frå 
NM i foto i regi NSFF. Dei arrangerer NM
i to puljer, der hausten er del 1, 
og vårkonkurransen er avsluttande runde.
Eg har delteke meir eller mindre i denne
sidan 2012 - det året eg så smått byrja å fotografera
(og ikkje berre knipsa tankelaust rundt med ein speglrefleks).




I år gjekk det temmeleg bra. Eg fekk sølvmedalje for min kolleksjon i svartkvitt,
'The wanderer'ein serie eg fotograferte på impuls ein tåkefull dag,
like utanføre yttardøra mi. Takk til min kjekke modell og ektefelle :)


Eg fekk også ein bronsemedalje for portrettet 
'Girl with scarf', to Hederleg Omtale - 
eitt i klassen Kreativ, med biletet 'Ready to fly'
og eitt i monokrom papir, sjølvportrettet 'Lips'.
I tillegg fekk eg antatt eit konsertbilete frå
Festidalen, med eitt av høgdepunkta under heile
festivalen - konserten med Honningbarna. 


*


Nokre dagar etter resultatene var komen, fekk eg også
- til mi store overrasking - vita at eg hadde blitt tildelt
Leif Preus prisen for Beste portrett for biletet 
eg også fekk bronse for! 
Leif Preus Fotopris vart innført i NM i foto i 2010,
og vinnaren får ein pokal. Leif Preus var ein fotograf
som har hatt stor innflytelse på norsk fotografi i vår tid. 
Før han døydde i 2013, hadde han mellom anna starta Preus Foto,
Preus Museum i Horten, han hadde blitt æresmedlem i Norges Fotografforbund
og blitt utnemnd til Ridder av 1.klasse av St. Olavs Orden.


Som meg, var han også ein sjølvlært fotograf, som i si tid starta eiga verksemd.
Difor er det faktisk ekstra stort for meg å få denne gjeve prisen.
Gler meg til å setja pokalen i hylla,
ein pokal eg med all glede deler med modellen min!
Ho vart også veldig stolt når nyhenda kom :)


*


Gosj... eg har ikkje ord! 
Veldig stor stas! V E L D I G !


*


Foto: Anne Charlotte Schjøll, Tønsbergs Blad





1 kommentar:

  1. Gratulerer så mye -) :-)
    Det er fantastiske historier i bildene dine, og du er en stor inspirasjon.

    Gunhild :-)

    SvarSlett